Beyond the English Classroom: A Study of Upper Secondary School Students’ Extramural English in Norway
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3001021Utgivelsesdato
2022-05-20Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Formålet med dette studiet har vore å undersøka norske elevar sin bruk av extramural English (EE) (engelsk utanfor klasserommet), til å identifisera ulikskapar mellom kjønn og for å sjå samanhengen mellom elevar sin EE og resultat i engelskfaget på skulen. Dette studiet tar for seg to TAF vidaregåande klasser på VG1. Klassane bestod til saman av 42 elevar (19 gutar og 23 jenter). Dataa frå studiet vart samla gjennom spørjeundersøking, vokabulartestar og skuleoppgåver. Målet med spørsmåla i spørjeundersøkinga var å samla bakgrunnsinformasjon, informasjon om elevane sin bruk av engelsk utanfor klasserommet, og elevane sitt syn på eigen bruk av engelsk i og utanfor skulen. I tillegg vart to små grupper bedne om å skrive dagbok i minst ein veke om korleis dei brukar engelsk utanfor skulen. Resultata visar at elevane brukar mange forskjellige type EE og omfanget av elevanes bruk av engelsk utanfor klasserommet varierer frå elev til elev. I tillegg brukar dei lite engelsk på jobb. Ein stor del av eksponeringa av det engelske språket elevane registrerte, kan gjenspeglast i elevanes bruk av engelsk i klasserommet, både gjennom resultata på vokabularprøvane og elevanes antyding til at dei opplever skriftleg og munnleg engelsk på skulen som vanskeleg. Det latar til at elevane brukar det som essensielt er eit L2-språk, i sosiale situasjonar, og svært få av dei er skeptiske til eksponeringa dei er utsette for. Dei er motiverte til å betra ferdigheitene sine i engelsk. Kjønn har lite å si for omfanget av engelsk utanfor klasserommet, men gutane brukar meir tid på YouTube og gaming. Forskjellane mellom jenter og gutar er større når det kjem til korleis elevane presterer i faget på skulen. Jentene fekk gjennomsnittleg betre resultat enn gutane, noko som reflekterer europeiske trendar. Det er også tydeleg i denne studiegruppa at det er manglande samanheng mellom location of learning (læringsstad) og locus of control (kontrollplassering) når det kjem til den engelske språkutviklinga. Desse resultata har didaktiske implikasjonar når det gjeld elevar i norsk vidaregåande skule og deira bruk av engelsk utanfor klasserommet, noko som gjer det enklare å identifisera områder der det er eit behov for meir forsking.