Haldningar til dialekter blant ungdom i Herøy: Ei haldningsgransking på Søre Sunnmøre
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3009674Utgivelsesdato
2022-05-25Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [274]
Sammendrag
Denne masteravhandlinga er ein studie av språkhaldningar blant ungdom i Herøy på Søre Sunnmøre. Delar av studien er inspirert av tidlegare haldningsgranskingar frå prosjektet Dialektendringsprosessar, der målet er å undersøke bevisste og underbevisste haldningar gjennom ein haldningstest med masketest, dialektplassering og dialektrangering. Denne metodiske innfallsvinkelen opnar for å samanlikne resultat med tidlegare funn for å styrke det metodiske og teoretiske fagområdet. I tillegg til ein haldningstest, søker oppgåva djupneinformasjon om bevisste haldningar frå ungdomar gjennom gruppesamtalar. Det ligg til grunn to innfallsvinklar i oppgåva. Først og fremst er det eit mål å undersøke kva haldningar ungdomane i Herøy har til si eiga lokaldialekt og til dialektene i Sande, Ulstein, Ålesund og på Austlandet. Materialet består av ei samling av kvantitative og kvalitative data om bevisste og underbevisste haldningar frå elevar på 10. trinn i kommunen. Utover dette er det eit mål å prøve å forstå og forklare kva som kan vere grunnen til at ungdomane har dei haldningane dei har. Dette vert gjort ved å sjå resultata frå haldningane i lys av det teoretiske grunnlaget til prosjektet, som er delt inn i faktorar på makro-, mikro- og mesonivå. På makronivå vert det undersøkt korleis ytre faktorar og informasjon om det geografiske samfunnet som ungdomane lever i og rundt kan legge føringar for korleis individa handlar. På mikronivå vert det diskutert korleis faktorar ved enkeltindividet kan vere med på å tolke ungdomane sine språkhaldningar. Her ligg fokuset på psykologiske aspekt ved haldning – kva haldning er bygd opp av og korleis vi skal forstå haldning som fenomen. Til slutt ser oppgåva på korleis sosiale faktorar på mesonivå, og forholda mellom individ frå eit område, kan henge saman med haldningane til ungdomane. Oppgåva har vist at det ikkje berre er enkle og klåre forklaringar på kvifor ungdomane i Herøy har dei haldningane dei har, men at bakgrunnen for haldningane kan bestå av fleire komplekse faktorar. Resultata frå denne granskinga viser eit felles mønster mellom dei bevisste og underbevisste haldningane på eit overordna nivå, der ungdomane i Herøy er mest positive til dei lokale dialektene på Søre Sunnmøre. Det nasjonale talemålet, austlandsk, kjem under dei lokale dialektene i rangeringa, og ungdomane vurderer til slutt regionsdialekta i Ålesund dårlegast. På eit nyansert nivå vurderer ungdomane si eiga dialekt høgt når det gjeld bevisste haldningar, medan ungdomane er negative til dialektene frå områda dei har nærast rundt seg (Sande, Ulstein, Ålesund). På underbevisst nivå viser resultata eit ujamt mønster i rangeringa, og ei mogleg forklaring på dette kan vere at ungdomane i det store og heile har problem med å høyre forskjellar mellom dei lokale dialektene på Søre Sunnmøre. This master thesis is a study of attitudes to language among teenagers in Herøy in Søre Sunnmøre. Parts of the study are inspired by previous attitude studies from the project “Dialektendringsprosessar", meaning dialect changing processes, where the goal is to investigate conscious and subconscious attitudes through an attitude test consisting of a speaker evaluation experiment, dialect placement and dialect ranking. This method opens for comparing results with previous findings to strengthen the methodological and theoretical subject area. In addition to an attitude test, the assignment seeks in-depth information about conscious attitudes from the teenagers through group discussions. There are two approaches to this thesis. First and foremost, the goal is to investigate what attitudes teenagers in Herøy have to their own local dialect and to the dialects in Sande, Ulstein, Ålesund and Austland (the eastern Norway dialect). The material consists of quantitative and qualitative data collections on conscious and subconscious attitudes from students in 10th grade in the municipality. Beyond this, it is a goal to understand and explain what may be the reason why the teenagers in Herøy have these attitudes. This is done by looking at the results from the attitudes considering the theoretical basis on which the project is based, which is divided into factors at macro, micro and meson levels. At the macro level, it has been investigated how external factors and information about the geographical society in which the teenagers live can provide guidelines for how individuals act. At the micro level, it is discussed how internal factors can contribute to interpreting attitudes. Here the focus is on the psychological aspect of attitude – what it is made up of and how we should understand attitude as a phenomenon. Finally, the thesis looks at how social factors at the meson level, and the relationships between individuals from an area, can be related to the attitudes of the teenagers. The thesis has shown that there are not only simple and clear explanations for why the teenagers in Herøy have these attitudes but that the background for the attitudes can consist of several complex factors. The results from this investigation show a common pattern between the conscious and subconscious attitudes at an overall level, where the teenagers in Herøy are most positive about the local dialects in Søre Sunnmøre. The national dialect, from the east side of Norway, comes under the local dialects in the ranking, and the teenagers ultimately consider the regional dialects in Ålesund least positive. At a nuanced level, the teenagers value their own dialect highly when it comes to conscious attitudes, while the teenagers are negative about the dialects of the other local areas (Sande, Ulstein, Ålesund). At a subconscious level, the results show an uneven pattern in the ranking, and a possible explanation for this may be that the teenagers in fact have problems distinguishing between local dialects in Søre Sunnmøre.