Show simple item record

dc.contributor.authorGaltung, Anders Tesdal
dc.date.accessioned2022-09-01T08:17:30Z
dc.date.available2022-09-01T08:17:30Z
dc.date.issued2022-06-24
dc.date.submitted2022-07-12T22:00:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3015012
dc.description.abstractI denne oppgåva gjer eg greie for gjeldande rett om formuleringa "utan ugrunna opphald" i offentleglova § 29 første ledd andre punktum. Denne føresegna regulerer saksbehandlingstida ved førstegongsbehandling av innsynskrav. Lovteksten er knapp, og forarbeida gir nokså avgrensa rettleiing under konkrete «utan ugrunna opphald»-vurderingar. Borgarane manglar dessutan reell moglegheit til å prøva slike vurderingar i domstolane. Dermed finst det ikkje rettspraksis om formuleringa, men det føreligg like fullt eit stort praktisk behov for rettsavklaring. Då står ein igjen med forvaltingspraksis og praksis frå Sivilombodet. Forvaltinga har derimot ein veldokumentert skepsis til allmenn innsynsrett, som òg kan hevdast å visa igjen i nyare rapportar frå Riksrevisjonen. På bakgrunn av dette, samt funksjonalitets- og ekspertise-omsyn, argumenterer eg for at ombodspraksis bør få større vekt på dette rettsområdet enn elles. Med utgangspunkt i ein slik tankegang, føretek eg ein systematisk gjennomgang av all ombodspraksis knytt til formuleringa i offentleglova § 29 og i forgjengaren, offentlighetsloven § 9 første ledd. Standpunkta som kjem til uttrykk i praksisen må kunna bli korrigert på bakgrunn av relevante forvaltingsrettslege omsyn, og særleg omsyna som ligg til grunn for innsynsretten. Standpunkta må dessutan kunna bli korrigert på bakgrunn av dei praktiske realitetane i forvaltinga, som bl.a. Riksrevisjonen sine rapportar gir innsikt i. Omsyn og realitetar blir altså styrande for kva praksis som kan gi uttrykk for gjeldande rett. Det er tatt høgde for dette i denne oppgåva, som bl.a. gir innsikt i kva grunngjevingar som potensielt kan legitimera saksbehandlingstid utover utgangspunktet på ein-tre verkedagar, samt innsikt i vekta til potensielt legitime grunngjevingar.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectinformasjonskrav
dc.subjectuten ugrunnet opphold
dc.subjectGrunnlova § 100
dc.subjectrettssikkerhet
dc.subjectytringsfridom
dc.subjectinnsynskrav
dc.subjectytringsfrihet
dc.subjectinformasjon
dc.subjectoffentleglova § 29
dc.subjectEMK art. 10
dc.subjectinformasjonsfrihet
dc.subjectinformasjonsfridom
dc.subjectopenheit
dc.subjectinnsyn
dc.subjectfrist
dc.subjectdemokrati
dc.subjectoffentleglova
dc.subjectEMK artikkel 10
dc.subjectrettstryggleik
dc.subjectutan ugrunna opphald
dc.subjectoffentlighet
dc.subjectGrunnloven § 100
dc.subjectfristregel
dc.subjectsamfunn
dc.subjectopphald
dc.subjectoffentlegheit
dc.subjectåpenhet
dc.subjectsamfunnsaktuelle saker
dc.subjectinnsynsrett
dc.subjectkontroll
dc.subjectfristføresegn
dc.subjectoffentlighetsloven
dc.subjectsamfunnsaktualitet
dc.subjectopphold
dc.titleNår er innsynskrav avgjort i tide? - Ei utgreiing om «utan ugrunna opphald»-vurderingane etter offentleglova § 29 første ledd andre punktum
dc.title.alternativeWhen is a request for access to information "decided without undue delay"? - A study of section 29 in the Freedom of Information Act
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2022-07-12T22:00:02Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgåve (70 sp) forskarline
dc.description.localcodeJUS397
dc.description.localcodeMAJUR
dc.subject.nus737102
fs.subjectcodeJUS397
fs.unitcode16-0-0


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record