Kva rolle spelar usikkerheit i faglege dialogar?
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3071008Utgivelsesdato
2023-06-02Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Master theses [94]
Sammendrag
Formålet med denne masteroppgåva har vore å få eit innblikk i når og korleis usikkerheit kjem til uttrykk, både i dialogar mellom elevar og i dialogar mellom elevar og lærar. Datamaterialet som utgjer grunnlaget for analysen er samla inn og transkribert av ein anna lektorstudent. Data er samla inn frå ein kjemi 1 klasse ved ein vidaregåande skule i Vestland fylkeskommune. Datamaterialet går ut på ei utforskande praktisk øving i temaet syrer og basar der elevar jobbar i grupper. Dei ulike samtalane eg har analysert er dialogar mellom elevar på same gruppe, elever på forskjellege grupper og dialogar mellom elevar og lærar. Samtalene inneheld ikkje heilklassedialogar. Problemstillinga masteroppgåva tar føre seg er kva rolle usikkerheit spelar i faglege samtalar i temaet syrer og basar i kjemiundervisninga. For å avgrense problemstillinga har eg delt denne inn i tre forskingsspørsmål: kva er elevane usikre om, korleis uttrykkast usikkerheit hos elevar og korleis handterer faglærar usikkerheit blant elevar. Resultata frå analysen viser at elevane er mest usikre når det gjeld utføring av prosedyre og rundt teori. Elevane si usikkerheit blir uttrykt på ulik måte avhengig av kva dei er usikre om. Nokre elevar uttrykker usikkerheit ved eksplisitte teikn, som til dømes å seie at ein er usikker eller at ein stiller mange spørsmål. Andre elevar uttrykker usikkerheit ved implisitte teikn. Døme på dette er at ein har eit vagt og unøyaktig språk (ofte kvardagsleg språk) eller at ein avbryt seg sjølv midt i forklaringar. Ein kan og sjå at når elevane er usikre knytt til korleis utføre prosedyre blir det stilt praktiske spørsmål, men når elevane er usikre på teorien blir det stilt faglege spørsmål. Korleis faglærar handterer usikkerheit varierer. Ein tendens er at når elevane er usikre på prosedyren vil lærar fortelje elevane konkret kva dei skal gjere i staden for å gi hint og prøve å rettleie elevane gjennom det. Derimot kan ein sjå ein trend med at når elevar er usikre på teori vil lærar i større grad gi elevane hint og spele på forkunnskapar.