Unknowingly knowing the unknown - exploring the MMN of statistical language learning in a natural linguistic context
Abstract
Statistisk læring (SL) er ein kjernemekanisme i språklæring. SL har vorte undersøkt i både åtferdsbaserte og nevrofysiologiske eksperiment. I det fylgjande vil me presentera rammene for eit EEG-eksperiment kor tjue deltakarar (ukyndige i russisk eller andre slaviske språk) fekk høyre ein talestraum med russiske ord, kor seks moglege rotord var sett saman med to moglege endingar. Kort fortalt var målet for studien å undersøka om eksponering for naturleg språkstimuli utløyste ein nevrofysiologisk markør for regeltileigning gjennom statistisk læring som kallast statistical mismatch negativity (sMMN). Eit anna mål var å undersøka om deltakarane opplevde læring. Dette dokumentet inneheld kappe og artikkel for studien.