Understanding the left-behind: Electoral support and views on redistribution
Doctoral thesis
View/ Open
Date
2023-11-30Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Government [482]
Abstract
I dei seinare åra har statsvitskapen retta søkelyset mot grupper som kjem dårlegare ut i den post-industrielle samfunnsutviklinga. Desse gruppene – såkalla «left-behinds» – sakkar meir akterut enn andre når samfunnet vert endra av globalisering, avindustrialisering, teknologisk utvikling og urbanisering. Arbeidarklasseveljarar og distriktsveljarar, som heilt overordna kan seiast å høyre til denne gruppa, har fått merksemd fordi dei har vorte knytt til framveksten av høgrepopulismen. Litteraturen trekker fram konservative haldningar og politisk misnøye som viktige forklaringar på stemmemønsteret til desse veljarane. Denne avhandlinga ser på norske veljarar. Ved stortingsvalet i 2021 vart desse sosiale gruppene mobilisert av parti til sentrum-venstre i norsk politikk, noko som tyder på at det er fleire nyansar i forteljinga om dei som sakkar akterut enn det som tidlegare har kome fram i den internasjonale litteraturen. Eg argumenterer for at det er særleg to tilnærmingar som kastar nytt lys på desse veljarane. Den første dreier seg om korleis gruppeidentitetar kan mobiliserast. Den andre handlar om at vi også må undersøke økonomiske haldningar, i tillegg til dei kulturelle.
Den første artikkelen i avhandlinga tek for seg økonomiske haldningar, og undersøker kva rolle det spelar for støtta til økonomisk politikk at det er tydeleg kva for ei gruppe som må betale. Artikkelen bruker den upopulære arveavgifta for å teste dette. Resultata viser at når ein introduserer arveavgifta på ein slik måte at det er klart at dei rikaste må betale, aukar støtta til å innføre denne skatten betydeleg. Særleg gjeld dette hos dei som identifiserer seg som arbeidarklasse. Artikkelen tyder på at det å formulere økonomisk politikk som er tydeleg omfordelande er viktig for å hente støtte frå arbeidarklasseveljarar, og for knytte politisk støtte sterkare til tradisjonelle økonomiske interesser.
Den tredje artikkelen fokuserer på dei økonomiske haldningane til arbeidarklasseveljarar og distriktsveljarar ved å undersøke om desse veljargruppene er i konflikt med kvarandre eller er samde i korleis staten skal fordele økonomiske ressursar. Resultata viser at begge desse veljargruppene er meir villige til å fordele offentlege ressursar til dei om bur på bygda og til arbeidsfolk, samanlikna med til byane. Resultata viser også at begge desse veljargruppene er meir positive til tradisjonell økonomisk omfordeling framfor omfordeling mellom stadar. Artikkelen tyder på at dei ikkje er i konflikt med kvarandre i fordelingsspørsmål, og at det dermed er potensial for å mobilisere desse veljarane på eit breitt omfordelingsprogram.
Til saman bidreg avhandlinga med ny innsikt til den statsvitskaplege litteraturen om dei sosiale gruppene som kjem dårlegare ut i den post-industrielle samfunnsutviklinga. Ved å utvikle og analysere spørsmål og eksperiment i spørjeundersøkinga Norsk medborgerpanel, viser funna i avhandlinga at gruppeidentitetar er med å forme dei politiske haldningane til desse veljarane, og meir spesifikt at rurale veljarar sin gruppeidentitet ikkje alltid vert kanalisert inn i høgrepopulistisk stemmegiving. Avhandlinga peikar også på at desse veljarane støttar omfordeling mellom stadar og klasser, og dermed at der er eit potensial for hente støtte frå dei om ein tek omsyn til begge desse dimensjonane. Til saman syner avhandlinga at det er fleire måtar å mobilisere desse veljarane på enn tidlegare framheva i litteraturen. In recent years, the political science literature has increasingly given attention to so called left-behind voter groups that are placed in disadvantageous structural positions as societies transform through processes of globalization, deindustrialization, technological change and urbanization. Notably, these groups — the working class and the rural voters — have been identified as being pivotal in the rise of the populist radical right. The literature has highlighted their conservative cultural preferences and their dissatisfaction with government as drivers of this pattern. In Norway, a rural upheaval did not lead to a rise of the populist right in the 2021 election, but rather it was the center-left that mobilized these voters. In light of what extant scholarship has put forward about left-behind voters, this is puzzling. Examining the Norwegian case, the thesis sheds new light on left-behind voters. I argue that there are contingencies that have not been sufficiently addressed so far, which should be considered when accounting for the political behavior of these voters. Firstly, the thesis brings the economic dimension back in as a central factor, and secondly, it uses the lens of group consciousness to explain how left-behind voters are mobilized in a multiparty system.
The first article of the thesis addresses the economic preferences of working class voters, and investigates the effect of clarifying that the rich will pay on their support for redistribution. The article uses the unpopular inheritance tax as a hard test case. The results show that when the tax explicitly targets the richest, the support increases substantially, and especially among those who identify as working class. More broadly, the findings underscore that it is important that policies have a clear redistributive structure in order to obtain working class support.
The second article addresses the nature of the urban-rural divide using a social identity framework. It finds that place grievances are highly asymmetric, as those who identify as rural, especially those with strong identities, harbor more resentment over place than urban identifiers do. The analysis further shows that this rural resentment was associated with voting for the Center Party in 2021. The study contributes firstly by demonstrating that voters’ rural consciousness can also be mobilized in settings with more generous welfare states and multiple party options, and that parties that are not right-wing can successfully appeal to this rural identity.
The third and final article of the thesis examines whether there is conflict or consensus on the economic dimension among rural and working class voters. Employing three empirical tests that make use of a group-based framework to explore redistribution preferences, I find that there is a potential consensus on redistribution, as both of these voter groups find rural and working people deserving of government resources, especially compared to urban groups. In addition, both support traditional economic redistribution more than spatial redistribution. Overall, the article implies that there is potential to mobilize these voters on a broad redistributive agenda across both place and class.
In summary, the thesis contributes new insights to the research on what mobilizes left-behind voter groups by identifying contingencies that have been given less emphasis in the previous literature. By developing and analyzing original survey questions and experiments from the Norwegian Citizen Panel, this study helps to explain why these voters, under certain circumstances, can turn to the center-left. It also identifies a potential consensus between left-behind voter groups on economic preferences, in contrast to the focus on cultural preferences in previous studies, further underscoring that there are possibilities for the left to garner support from these voters if they promote policies that account for both place and class redistribution. Taken together, the thesis highlights that there are more ways of mobilizing these voters than what has so far been stressed in the literature.
Has parts
Paper 1: Marta R. Eidheim. “Aligning working class interests and preferences: The case of inheritance tax.”. The article is not available in BORA.Paper 2: Auerbach, Kiran, Marta R. Eidheim, and Anne Lise Fimreite. “Place-based resentment in an egalitarian welfare state.”. The article is not available in BORA.
Paper 3: Marta R. Eidheim. “Redistribution between people and places: Conflict or consensus among rural and working-class voters?”. The article is not available in BORA.