Banebrytande eller unødvendig komplisert bistand? Ein casestudie av eit heilskapleg norsk bistandsprosjekt i Malawi
Master thesis
View/ Open
Date
2023-11-20Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [117]
Abstract
Ein av dei største norske bistandsinvesteringane i Malawi er utdanningssatsinga "Joint Programme for Girls Education", eit fellesprogram som tek form som eit samarbeid på landnivå mellom UNICEF, UNFPA og WFP. Programmet tek sikte på å betre tilgangen til utdanning av god kvalitet for jenter i landet, og blei etablert i 2014. Norske myndigheiter har forplikta over 550 millionar kroner til prosjektet.
På grunn av den omfattande investeringa i JPGE i Malawi, samt den utradisjonelle og nytenkande tilnærminga som programmet har, er det interessant å evaluere effektiviteten i programmet og korleis JPGE har oppnådd dei fastsette måla. Derfor søker denne oppgåva å undersøke utviklinga og implementeringa av fellesprogrammet for utdanning i Malawi og evaluere programmet sin effektivitet for å nå dei fastsette måla. Studien vil nytte eksisterande dokumentasjon tilknytt programmet, inkludert eksterne og interne evalueringar, rapportering, møtereferat og bakgrunnsdokument. Dette vil bli knytt til eksisterande faglitteratur og teori. I tillegg vil studien nytte kvalitative djupneintervju for å komplettere dokumentasjonen og inkludere synspunkt og erfaringar frå involverte fagfolk. Vidare søker denne studien å trekke lærdom frå dette omfattande programmet som forhåpentlegvis kan vere eit nyttig bidrag til diskursen om bistandseffektivitet og utvikling.
Studien nyttar ein blanda metodikk som nyttar både kvantitative og kvalitative datainnsamlings- og analysemetodar. Formålet er å svare på om programmet oppnådde dei ønska måla, og om det faktisk har noko føre seg å samle fleire FN-organisasjonar under eitt og same program der ein fokuserer på fleire sektorar samstundes for å oppnå eit overordna utdanningsmål. Studien finn at programmet har oppådd mange gode resultat, men har ei utfordring når det kjem til berekraft då ein ikkje har lukkast i særleg stor grad å oppnå varig systemendring. Programmet har lukkast i å få fleire jenter til å møte opp på skulen, men læringa uteblir. FN har streva med samarbeidet, men samtidig har programmet lukkast til ein viss grad å samle organisasjonane og ikkje minst har ein bidratt til god kapasitetsbygging blant lokale styresmakter. Tilnærminga er god, men fortjenar å byggast vidare på basert på erfaringane som er gjort.