Ein studie av relasjonen mellom leiar og medarbeidar i store kontrollspenn
Master thesis
![Thumbnail](/bora-xmlui/bitstream/handle/11250/3114944/54542771.pdf.jpg?sequence=3&isAllowed=y)
View/ Open
Date
2023-11-15Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [138]
Abstract
Dette studie ser på relasjon mellom leiar og medarbeidar i store kontrollspenn. Det er ein kvalitativ studie som er gjennomført ved hjelp av kvalitativt forskingsdesign med tematisk analyse av djubdeintervju. Studie ser på avdeling med 50 eller fleire tilsette i spesialisthelsetenesta.
Resultat frå denne undersøkinga viser at leiarane opplever stort kontrollspenn som ei utfordring sett i samband med det relasjonelle aspektet mellom leiar og medarbeidar. Det utfordrar leiar på oppfølging av medarbeidarane og gjer det vanskeleg å lære alle å kjenne. Utfordringane knytt til stort kontrollspenn har sitt utspring i oppgåveomfang og den tilgjengelege tida som leiar har til rådigheit. Alle leiarane er fokuserte på å vere nær dei tilsette og den aktiviteten dei har ansvar for. Dette gjer dei ved å praktisere oppsøkjande verksemd og vere synlege som leiarar. Gjennom leiarteam som består av assisterande leiar og fagsjukepleiarar søkjer dei å styrke sitt handlingsrom ved å delegere oppgåver. Studiet finn at utstrekt bruk av delegering kan gje ei negativ slagside til det relasjonelle samspelet mellom leiar og medarbeidar. Dette grunnar i at store delar av den daglege kontakten finn stad mellom assisterande leiar, anna støttepersonell og medarbeidar i staden for mellom medarbeidar og leiar. Dette kan føre til ei pulverisering av leiarrolla.