Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorNerhus, Mari Haktorson
dc.date.accessioned2024-07-02T07:42:02Z
dc.date.issued2024-05-15
dc.date.submitted2024-05-15T22:00:58Z
dc.identifierHELSAM395 0 O ORD 2024 VÅR
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/11250/3137264
dc.descriptionPostponed access: the file will be accessible after 2026-05-15
dc.description.abstractBakgrunn: Arbeidsoppgåver og arbeidsbelasting endra seg i forpleining offshore (kokkar, reinhaldsoperatør og forpleiningsleiar) under koronapandemien som følgje av smittevernstiltak. Dette kan ha påverka risiko for helseplagar og sjukefråvær. Hensikt og problemstilling: Å undersøke samanhengen mellom arbeidsmiljø og helseplagar, og arbeidsmiljø og sjukefråvær i forpleining offshore. Metode: Observasjonsstudie med tverrsnittdesign og tre måletidspunkt; 2019 (n=353), 2021 (n=447) og 2023 (n=338). Data frå Havindustritilsynets spørjeundersøking «risikonivå i norsk petroleumsverksemd». Resultat: Fordeling mellom kvinner og menn var relativ lik i 2019 og 2021. I 2023 var 57% kvinner. Aldersgruppe 41-50 og >51 år var mest representert. Majoriteten jobba som reinhaldsoperatør, hadde ingen leiaransvar, gjekk dagskift, var tilknytt entreprenør selskap og fast tilsett. Eg fann ein auka risiko for helseplagar i nakke/skulder/arm ved nye arbeidsoppgåver i 2021, og ved gjentatte/einsidige rørsler og oppgåver i konflikt i 2019 og 2021. I 2023 var det ein auka risiko for sjukefråvær siste år ved nye arbeidsoppgåver. Konklusjon: Denne masteroppgåva er med å tilføre ny kunnskap om korleis eksponeringar i arbeidsmiljø kan ha påverka risiko for helseplagar i nakke/skulder/arm i 2019 og 2021, og risiko for sjukefråvær siste år i 2023. Det ser ut til at arbeidsoppgåvene relatert til covid-19 har hatt ein betydning for auka risiko for helseplagar i nakke/skulder/arm i 2021 samanlikna med 2019 og 2023. Det er behov for vidare forsking for å kunne identifisere risikoar i arbeidsmiljøet og evaluere effekt av tiltak i arbeidsmiljø for forpleining offshore i framtida.
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.subjectSjukefråvær
dc.subjectSkiftarbeid
dc.subjectHelseplagar
dc.subjectForpleining offshore
dc.subjectArbeidsmiljø
dc.subjectKononapandemien
dc.titleArbeidsmiljø, helseplagar og sjukefråvær i forpleining offshore – før, under og etter koronapandemien
dc.typeMaster thesis
dc.date.updated2024-05-15T22:00:58Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserved
dc.description.degreeMasteroppgave i helse og samfunn
dc.description.localcodeHELSAM395
dc.description.localcodeMAMD-HESAM
dc.subject.nus769915
fs.subjectcodeHELSAM395
fs.unitcode13-26-0
dc.date.embargoenddate2026-05-15


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel