I korleis grad har fellesskapsfølelse betydning for skuletrivsel hos norske ungdommar?
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/11250/3138785Utgivelsesdato
2024-05-15Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Det er ei aktuell bekymring at skuletrivselen blant norske ungdomsskuleelevar går ned. Derfor er det av interesse å finna ut kva som kan bidra til å auka skuletrivsel. Målet med oppgåva er å utforska relasjonen mellom fellesskapsfølelse og skuletrivsel for å vurdera om opplevinga av å vera del av eit fellesskap er avgjerande for trivsel i skulen. I tillegg er det ønskeleg å undersøka om eventuelle ulikheitar i opplevd skuletrivsel kan tilskrivast kjønn eller sosioøkonomisk status (SØS). Det teoretiske rammeverket for studien inkluderer Sjølvbestemmelsesteorien og Bronfenbrenner sin utviklingsøkologiske systemteori, somaktualiserer korleis fellesskapet bidrar til skuletrivsel ved at behovet for tilhøyrsle vert møttgjennom fleire nivå av miljø. Oppgåva er basert på data henta frå den landsdekkande spørjeundersøkinga “Helsevaner blant skoleelever” (HEVAS), som er ein del av den internasjonale HBSC-studien. Data brukt i analysar vart samla inn 2022, der utvalet består av 477 jenter og 497 gutar (N=987). Deltakarane gjekk i 10. klasse og var høvesvis 15 år (gjennomsnittsalder 15.8 år) då studien blei gjennomført. Resultata frå korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse syner ein signifikant samanheng mellom fellesskapsfølelse og opplevd skuletrivsel. Det førekjem også ein svak positiv korrelasjon mellom SØS og skuletrivsel, sjølv om SØS ikkje har ein modererande effekt på samanhengen mellom fellesskapsfølelse og skuletrivsel. Kjønnsforskjellar vart ikkje dokumentert i målte nivå av skuletrivsel. Studien støttar teorien om at fellesskapet er viktig for trivsel, sjølv om vidare forsking er nødvendigfor å seia meir om kva faktorar ved fellesskapet som er avgjerande for skuletrivsel. Implikasjonar diskuterast i lys av resultata frå studien. There is a current concern that school wellbeing among Norwegian secondary school students is decreasing. Hence, it will be essential to survey factors that can increase wellbeing in school. The objective of this study is to investigate the connection between a sense of unityand school wellbeing, aiming to examine the significance of community belongingness in fostering wellbeing within school. In addition, it is desirable to examine whether any differences in perceived school wellbeing can be attributed to gender or socioeconomic status (SES). The framework guiding the present study encompasses the Self-Determination Theory and Bronfenbrenner’s Ecological Systems Theory, which together conceptualizes howcommunity leads to school wellbeing by fulfilling the need for relatedness through multiple levels of the surrounding environment. This thesis is based on data from the Norwegian sample of the nationwide survey “Health Behaviour in School-aged children” (HBSC). Data were collected in 2022, and the sample consists of 477 girls and 497 boys (N=987). The students were 15 years old (mean age 15.8) when the study was conducted. Results from a correlational analysis and regression analysis indicate a significant correlation between a sense of unity and school wellbeing. There is also a weak positive correlation between SESand school wellbeing, although SES does not moderate the connection between a sense of unity and school wellbeing. Gender differences were not documented in measured levels of school wellbeing. This thesis provides further support for the assumption that community is important for wellbeing, although research is needed to examine which factors in the community that are decisive for school wellbeing. Implications are discussed in relation to the results.