dc.contributor.author | Skarsbø, Mari | |
dc.date.accessioned | 2024-07-05T23:52:28Z | |
dc.date.available | 2024-07-05T23:52:28Z | |
dc.date.issued | 2024-05-15 | |
dc.date.submitted | 2024-05-15T12:03:43Z | |
dc.identifier | PROPSY317 0 MAO ORD 2024 VÅR | |
dc.identifier.uri | https://hdl.handle.net/11250/3138785 | |
dc.description.abstract | Det er ei aktuell bekymring at skuletrivselen blant norske ungdomsskuleelevar går
ned. Derfor er det av interesse å finna ut kva som kan bidra til å auka skuletrivsel. Målet med
oppgåva er å utforska relasjonen mellom fellesskapsfølelse og skuletrivsel for å vurdera om
opplevinga av å vera del av eit fellesskap er avgjerande for trivsel i skulen. I tillegg er det
ønskeleg å undersøka om eventuelle ulikheitar i opplevd skuletrivsel kan tilskrivast kjønn
eller sosioøkonomisk status (SØS). Det teoretiske rammeverket for studien inkluderer
Sjølvbestemmelsesteorien og Bronfenbrenner sin utviklingsøkologiske systemteori, som
aktualiserer korleis fellesskapet bidrar til skuletrivsel ved at behovet for tilhøyrsle vert møtt
gjennom fleire nivå av miljø. Oppgåva er basert på data henta frå den landsdekkande
spørjeundersøkinga “Helsevaner blant skoleelever” (HEVAS), som er ein del av den
internasjonale HBSC-studien. Data brukt i analysar vart samla inn 2022, der utvalet består av
477 jenter og 497 gutar (N=987). Deltakarane gjekk i 10. klasse og var høvesvis 15 år
(gjennomsnittsalder 15.8 år) då studien blei gjennomført. Resultata frå korrelasjonsanalyse og
regresjonsanalyse syner ein signifikant samanheng mellom fellesskapsfølelse og opplevd
skuletrivsel. Det førekjem også ein svak positiv korrelasjon mellom SØS og skuletrivsel,
sjølv om SØS ikkje har ein modererande effekt på samanhengen mellom fellesskapsfølelse og
skuletrivsel. Kjønnsforskjellar vart ikkje dokumentert i målte nivå av skuletrivsel. Studien
støttar teorien om at fellesskapet er viktig for trivsel, sjølv om vidare forsking er nødvendig
for å seia meir om kva faktorar ved fellesskapet som er avgjerande for skuletrivsel.
Implikasjonar diskuterast i lys av resultata frå studien. | |
dc.description.abstract | There is a current concern that school wellbeing among Norwegian secondary school
students is decreasing. Hence, it will be essential to survey factors that can increase wellbeing
in school. The objective of this study is to investigate the connection between a sense of unity
and school wellbeing, aiming to examine the significance of community belongingness in
fostering wellbeing within school. In addition, it is desirable to examine whether any
differences in perceived school wellbeing can be attributed to gender or socioeconomic status
(SES). The framework guiding the present study encompasses the Self-Determination Theory
and Bronfenbrenner’s Ecological Systems Theory, which together conceptualizes how
community leads to school wellbeing by fulfilling the need for relatedness through multiple
levels of the surrounding environment. This thesis is based on data from the Norwegian
sample of the nationwide survey “Health Behaviour in School-aged children” (HBSC). Data
were collected in 2022, and the sample consists of 477 girls and 497 boys (N=987). The
students were 15 years old (mean age 15.8) when the study was conducted. Results from a
correlational analysis and regression analysis indicate a significant correlation between a
sense of unity and school wellbeing. There is also a weak positive correlation between SES
and school wellbeing, although SES does not moderate the connection between a sense of
unity and school wellbeing. Gender differences were not documented in measured levels of
school wellbeing. This thesis provides further support for the assumption that community is
important for wellbeing, although research is needed to examine which factors in the
community that are decisive for school wellbeing. Implications are discussed in relation to
the results. | |
dc.language.iso | nno | |
dc.publisher | The University of Bergen | |
dc.rights | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.title | I korleis grad har fellesskapsfølelse betydning for skuletrivsel hos norske ungdommar? | |
dc.type | Master thesis | |
dc.date.updated | 2024-05-15T12:03:43Z | |
dc.rights.holder | Copyright the Author. All rights reserved | |
dc.description.degree | Hovedoppgave psykologprogrammet | |
dc.description.localcode | PROPSY317 | |
dc.description.localcode | PRPSYK | |
dc.subject.nus | 736102 | |
fs.subjectcode | PROPSY317 | |
fs.unitcode | 17-0-0 | |