Kampen mot kvitvasking - ein analyse av bankar sin rapportering av mistenkelige transaksjonar
Master thesis
View/ Open
Date
2014-06-03Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Economics [304]
Abstract
I oppgåva ser eg nærare på anti-kvitvaskingsarbeid, med fokus på rolla som bankane har i dette. Kvitvaskingslova i Noreg pålegg bankane ein del ansvar i høve arbeid mot kvitvasking, blant anna å rapportere inn mistenkelige transaksjonar til ØKOKRIM. Problemstillinga er kva insentiv bankane har til å rapportere desse mistenkelige transaksjonane, og på kva måtar ein best kan utstyre bankane med dei rette insentiva. Problemstillinga vert belyst gjennom gjennomgang av to prinsipal-agent modellar, ein med tre spelarar og ein med to spelarar. Den sistnevnte vert gjennomgått mest grundig. Prinsipal-agent modellen med to spelarar undersøker kva som skjer med bankane sine insentiv når myndigheitene bruker bøter som straff, dersom dei ikkje rapporterer ein transaksjon som er kvitvasking. Det viktigste resultatet frå modellen, er at om bøtene vert høge nok, vil bankane rapportere alle transaksjonar for å unngå bøter, og dette vil gje eit dårlegare utfall for velferda totalt sett, enn om banken ikkje rapporterte i det heile. Vidare vert det presentert resultat frå andre aktuelle publikasjonar på området. Hovudresultat frå dei ulike teoriane og syna som vert lagt fram, vert forsøkt samanlikna og knytt opp mot anti-kvitvaskingsarbeidet i Noreg. Eg finn at det truleg føregår ei underrapportering frå bankane i Noreg i dag. Basert på litteraturen som vert presentert i oppgåva kan moglege årsaker til dette vere at ein i Noreg har for milde sanksjonar og at regelverket er komplisert og pålegg bankane eit stort ansvar som er krevjande, samtidig som kvitvaskingsarbeid ikkje vert nok prioritert av høgare instansar, til dømes politi.