Skaping av meirverdi gjennom opne data om kollektivtrafikk
Abstract
Tema i denne oppgåva er opne data, med ei avgrensing mot kollektivtrafikkdata. Djupnestudien er retta mot verksemda til Skyss, det fylkeskommunale kollektivtrafikkselskapet i Hordaland. Omgrepet opne data" inneber at andre har løyve til å vidarebruke dei i applikasjonar for å nå dei ideelle målsetjingane som innovasjon, nyskaping, gjennomsiktighet og effektivisering. Utfordringane med opne data i denne typen verksemd er kompleksiteten av dataelement ordna i tid og rom. Samtidig er data dynamiske og nokre datasett endrar seg i sanntid, t.d. prognosar for kor mange minutt det er til dei neste bussane kjem til ein gitt haldeplass. I oppgåva reiser eg spørsmål om kva kvalitetar eit programmeringsgrensesnitt (API) bør ha med omsyn til å lette tilgangen til opne data og funksjonaliteten knytt til desse. Mitt standpunkt er som følgje av studien at web-API som følgjer REST-arkitekturstilen, er meir fleksible og lettare å ta i bruk og integrere med data frå andre kjelder og andre applikasjonar. Problemstillinga i oppgåva er todelt. For det første, korleis ein kan gjere tilgjengeleg kollektivtrafikkdata for vidarebruk på ein god måte. For det andre, i kva grad kollektivtrafikkdata let seg utnytte, eventuelt i kombinasjon med data frå andre kjelder, til å lage nye applikasjonar/tenester av verdi. Gjennom drøftingar og utvikla app har eg vist døme på: 1) At å gjere kollektivtrafikkdata tilgjengeleg som opne data kan gje meirverdi i form av nye appar og tenester, innsyn og effektivisering. 2) Gjennom eit web-API er det relativt enkelt for utviklarar med rett dugleik å bruke kunnskap og kreativitet til nye applikasjonar. 3) Korleis ein kan legge til rette for eit godt web-API som gjer det mogeleg og lettare for utviklarar å bruke data. Det har skjedd mykje dei siste åra når det gjeld teknologi og kva data ein har om kollektivtrafikk. Dette kan bidra til meir bruk av kollektivtrafikk, noko som er miljømessig og politisk ynskt.