dc.description.abstract | Denne oppgåva tar for seg ei samanlikning av deltaking i politisk protest blant studentar ved det Samfunnsvitskaplige (SV) og Humanistiske (HF) fakultet ved Universitetet i Bergen i dag og på 1960/70 talet. Bakgrunnen for dette var i å forstå kva som gjer individ tek del i politisk protest. Det er mykje som er skrivet om dette, særleg i forhold til 68-generasjonen, men lite er skrivet om aktivisme blant dagens studentar. Denne oppgåva tek for seg kva som motivera studentane i begge generasjonar til å ta del i politisk protest, men også korleis deira oppleving av å ta del verkar inn på korleis dei er aktive. Oppgåva bygger på 14 kvalitative intervju med sju venstreradikale studentar frå kva av desse generasjonane. Det teoretiske utgangspunkt bygger i hovudsak på James M. Jasper sitt kulturelle rammeverk, der han fokusere på kulturelle prosessar som formar verdiar, kjensler og syn på verda, men også biografiske prosessar som gjer oss til særeigne og kreative individ. Det er gjennom brot med desse at opplevingar av misnøye, frustrasjon, sinne og andre kjensler, ofte driver ein til å ta del i protest. Gjennom eit rikt historisk material frå begge generasjoner tilbyr oppgåva ein forståing av villigheita ut i frå ulike formar for moralske sjokk knyttet til opplevingar, informasjon eller hendingar, der ein blei bevisste på at noko bryt med eiget syn på verda. Funna viser ulike formar for deltaking hos begge generasjonar, må forståast saman med livssituasjonar, individuelle særtrekk. Opplevinga av å ta del har vist seg å vere like særeigen som motivasjonane til å ta del. Dette er for begge generasjonar knytt til både gleder og utfordringar. Det er framståande at sjokka som får ein til å reagere, men det er gjennom påverknad av andre som får aktørane til å ta del. Dette byggjer også på tradisjon, og ei kjensla av å vere med i ei rørsle som arbeida for å endre verda til noko betre. Dette er viktig i forhold til begge generasjonar si oppleving av ein kollektiv identitet. | en_US |