Written formative assessment. A study of how students experience and understand written formative assessment of their written texts in ‘English as a foreign language’.
Abstract
Written assessment of written text has a strong tradition in schools. It is time consuming for the teachers, and important for students in order to develop their skills. Assessment has been given increased attention in the last decades, but relatively little research has been carried out at lower secondary level, or in Norway in particular. This study takes a closer look at how 23 students at lower secondary schools experience their teachers' written assessments of a written mock exam in English as a foreign language. The students attend five different schools and qualitative interviews have been carried out with each of them. The focus has been on finding out what aspects of the assessments that the students struggle to understand, in addition to detecting possible pitfalls for teachers to avoid in their future assessments. The main findings are that students have problems understanding metalingustic words and phrases, and that this often leads to a total lack of understanding of the various comments of the assessments. In addition, students often need a more detailed explanation on the different issues that teachers point out in the assessments. Also, the meanings of some of the assumedly established expression used in assessments are not necessarily understood by the students. It is advisable that teachers reconsider the use of much used expression, or at least ensure themselves that their students understand them. While one of the aims of formative assessment is that students are going to be able to make use of it to improve their future work, the current thesis have found indications that teachers give advice and suggestions that are outside the students' 'zone of proximal development' (ZPD). The findings also raise awareness to the issues of 'cognitive overload' and power relations between teachers and students: Students should get feedback to a limited and feasible amount of topics to prevent discouragement. Teachers should also be aware that it might not be as easy for a student to discuss the assessment with the teacher, and that the teachers' roles as the one who judges their performance might affect the relationship. Hopefully, the findings of this thesis will encourage other teachers to take a second look at the written assessments they hand their students, seeking to improve them in order to enhance the student's understanding and learning. Skriftlig vurdering av skriftlige tekstar har ein sterk tradisjon i skulane. Det er tidkrevjande for læraren, og viktig for elevane si utvikling. Vurdering har fått auka merksemd i dei siste tiåra, men relativt lite forsking har blitt gjennomført på ungdomsskulenivå, eller i Noreg i det heile teke. Denne studien ser nærare på korleis 18 elevar på ungdomsskulenivå erfarer lærarens skriftlege vurdering av ei skriftleg heildagsprøve i engelskfaget. Elevane kjem frå fem ulike skular og eit kvalitativt intervju har vorte gjennomført med kvar enkelt av dei. Fokuset har vore på å finne ut kva aspekt ved vurderinga elevane kan ha problem med å forstå, i tillegg til å identifisere mulige fallgruver som lærarane bør unngå i framtidige tilbakemeldingar. Hovudfunna er at elevane har problem med å forstå metaspråkelege ord og uttrykk, og at dette ofte fører til at dei ikkje forstår delar av vurderinga i det heile teke. I tillegg treng ofte elevane ei mir utfyllande forklaring av dei ulike emna som læraren har kommentert. Nokre av dei antatt vel etablerte uttrykka som lærarar brukar i vurderingar kan óg verke til å vere vanskelege for elevane å forstå. Det er å anbefale at lærarar revurderer bruken av etablerte uttrykk, eller at dei i det minste forsikrar seg om at elevane forstår dei. Eit av måla med formativ vurdering er at elevane skal kunne ta i bruk tilbakemeldingane i vurderinga for å forbetre framtidig tekstproduksjon. Funna i denne studien indikerer at lærar gjev elevar råd og tips som ligg utanfor deira 'proksimale utviklingssone'. Funna peikar vidare på fenomena 'kognitiv overbelasting' og maktforholdet som ligg mellom lærar og elev: Elevar bør få tilbakemelding på eit begrensa antall emne for å unngå ei kjensle av motløyse. Lærarar bør også vere merksame på at det ikkje alltid er så lett for elevar å diskutere vurderinga dei har fått med læraren, ettersom det er læraren som også skal bedømme teksten. Motivasjonen for å denne studien er at lærarar skal ta oppfordringa om å ta ein ekstra gjennomgang av eigen praksis ved skriftleg vurdering av elevtekstar, og at dei ved å gjere det kan forbetre vurderingane dei gjev slik at elevane får ei auka forståing og læring.