Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorSanden, Caroline
dc.date.accessioned2016-06-14T07:30:56Z
dc.date.available2016-06-14T07:30:56Z
dc.date.issued2016-05-17
dc.date.submitted2016-05-17eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12102
dc.description.abstractI løpet av det 20. og 21. hundreåret har menneske i den vestlege verda gradvis vorte tyngre. Eit markant skilje finn ein særleg etter den andre verdskrigen, då endringar i økonomiske, sosiale, kulturelle og fysiske forhold mange stader førte til merkbar vektauke. Ny velstand og ny teknologi skapte ein stillesitjande kvardag for mange, kombinert med at internasjonal handel bidrog til endringar i kosthaldet, med større valfridom og nye matvanar. Også nordmenn hadde magrare kår friskt i minnet då restaureringsprosessen etter krigen var over på 50-talet. Dette utløyste ein reaksjon i form av auka forbruk av feitt og sukker. Etter 1955 var tidlegare kostproblem som forsyning og sosial fordeling mindre viktig for ernæringsarbeidet i Noreg. Å få nok mat var ikkje lenger eit problem, det å få i seg riktig kost vart langt viktigare. Allereie i 1950 synte Statens ernæringsråd interesse for kolesterolspørsmålet og korleis overernæring kunne auka risikoen for livsstilssjukdommar. I 1960 sette Sosialdepartementet ned ein komité som skulle undersøke og legge fram ein rapport om samanhengen mellom hjarte- og karsjukdom og feitt i kosten. Fleire kampanjar for å redusere feittinntaket til folk flest følgde i åra som kom. Vektutviklinga som vart registrert i etterkrigstida skulle vise seg å vare ved, trass ei rekkje tiltak frå politisk hald, auka medvit og opplysning om kost, kropp og helse både i Noreg og på verdsbasis. Overvekt og fedme har dessutan utvikla seg til å bli eit problem ikkje berre i det vestlege velferdssamfunnet, men også i utviklingsland. Særskild har påverknad frå amerikansk kultur vorte peika på som årsak til dette. Amerikanarane har i nokre aviser sine framstillingar stått som skrekkdøme på korleis kroppsvekt kan komme ut av kontroll. I 1997 kom Verdas Helseorganisasjon (WHO) med ein rapport utarbeida av ei gruppe ekspertar, som åtvara mot ein pågåande fedmeepidemi. Året 1997 ser eg som ein milepæl for å tidfeste lanseringa av "fedmeepidemi" som eit eige omgrep. Etter ein konsultasjon med ekspertar om fedmeproblemet, formaliserte WHO resultata i år 2000 gjennom rapporten Obesity: preventing and managing the global epidemic. Då vart det erklært at fedme no hadde status som eit globalt problem av epidemiske proporsjonar. Verda var ramma av ein global fedmeepidemi, og strakstiltak måtte setjast i verk på samfunnsnivå for å nedkjempe problemet. I norsk samanheng kom Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet (SEF) med rapporten Vekt-Helse (2000): Rapport nr.1/2000, på oppmoding frå WHO om å setje i verk førebyggande tiltak for den komande epidemien. Media er vorte ein viktig kanal for helseopplysning. Årsakar til-, og behandling av fedme er nærast vorte daglege oppslag i norske aviser i dei seinare åra. I samtida er fedme fortsett sett på som eit aukande problem. Det nyaste av forsking frå ulike hald, saman med sterk språk- og biletbruk i media opnar for diskusjonar om at fedmeepidemien kan ha vorte utsett for ein variant av moralsk panikk. Aviser som medium forenklar, overdriv og set fedmeepidemien og vektauka på spissen gjennom presentasjon av ny forsking, ekspertytringar og andre verkemiddel. Bruken av epidemiomgrepet i denne samanhengen kan spele ei rolle for korleis norske aviser sine framstillingar av fedme har endra seg dei siste 35 åra. Det er denne utviklinga som er...en_US
dc.description.abstractDuring the 20th and 21st centuries obesity levels has increased in the western world and particularly so after World War Two, when changes in economic, social, cultural and physical conditions led to weight gain in many places. New prosperity and new technologies created a more idle life for many, while international trade contributed to huge changes in diet and new food habits. War hunger was still alive in the memory of many Norwegians, and it triggered a reaction in which the consumption of fat and sugar rose. Authorities introduced measures to prevent the occurrence of cardiovascular diseases due to lifestyle. But at the same time the weight continued to increase. In 1997 an expert panel appointed by the World Health Organisation presented a report that warned of a global obesity epidemic, and urged nations to implement preventive measures. This resulted in Norwegian media raising the alarm about a forthcoming obesity epidemic. An exaggeration of the obesity problem has been claimed to take shape as a moral panic, where the media and their representations are claimed to have played a central role. This master thesis investigates how representations of obesity in a number of Norwegian newspapers have changed from 1980 to 2015, and how the WHO report and discusses the extent to which the epidemic terminology has contributed to the emergence of a moral panic.en_US
dc.format.extent1665318 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectfedmeeng
dc.subjectfedmeepidemieng
dc.subjectovervekteng
dc.subjecternæringeng
dc.subjectWHOeng
dc.subjectSEFeng
dc.subjectmediaeng
dc.titleKampen mot fedmeepidemien -Framstillingar av fedme i norske aviser frå 1980-2015eng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng
dc.description.degreeMaster i Historie
dc.description.localcodeMAHF-HIS
dc.description.localcodeHIS350
dc.subject.nus713107eng
fs.subjectcodeHIS350


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel