"Being humble and enduring enough": An exploration of the hunter's place in nature in William Faulkner's Go Down, Moses
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/12106Utgivelsesdato
2016-05-18Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
This thesis is interested in examining how place, nature and hunting is used in Go down, Moses by William Faulkner. For this exploration, I will be focusing on the three stories "The Old People", "The Bear" and "Delta Autumn". I will be structuring my thesis into three chapters, devoting one chapter to each topic, with Isaac 'Ike' McCaslin as my main character of focus throughout. Denne oppgåva er interessert i å undersøke korleis stad, natur og jakt blir brukt i boka Go Down, Moses av William Faulkner. Til dette formålet kjem eg til å nytta eit utval historiar frå boka, nemleg "The Old People", "The Bear" og "Delta Autumn". Eg kjem til å dele oppgåva inn i tre kapitlar, og det vil væra eit tyngande fokus på karakteren Isaac 'Ike' McCaslin. I det første kapittelet vil eg gjennom ein lesnad av desse historia undersøkje korleis ein byggjar opp ein god kjensle av stad i fiksjon, i tillegg til at eg ser på korleis Faulkner sjølv oppnår dette. I det andre kapittelet vil eg undersøke korleis Faulkner brukar natur i historia hans, og korleis natur kan nyttast for å gjere greie for kva rolle Faulkner sine karakterar har i historia og mellom kvarandre. Eit viktig spørsmål er korleis dei motseiande holdningane til naturvern og naturbruk har ein innverknad på karakterane. Til slutt vil eg fokusera på jakt og kva rolle jakt har i historia. Eg vil her blant anna undersøka i kor stor grad det er "rett" at jegarane i historia jaktar på "Old Ben", den største og eldste bjørnen i skogen. Eit spesielt fokus vil væra korleis måten dei ulike karakterane jaktar på kan væra med på å beskrive deira forhold til natur. Den overhengande forståelsen er at ein må ha ein god tilknytning og forhold til naturen for å kunne væra ein jegar i Faulkner sine skogar, og at rollane til karakterane er i stor grad avhengig av deira tilknytning til naturen.