‘Things he wanted to say’ : Figures in the Dialogue of Raymond Carver’s Short Fiction
Abstract
Characterised as a ‘rejuvenator of the once-dying American short story’ (Nesset, blurb), Raymond Carver (1938–1988) represented something novel in the 20th century literature of the USA when his stories started to appear in literary magazines the 1960s. At the same time, he has been said to extend the Modernist tradition and to present a type of Realism. Regardless of how we choose to categorise him, dialogue plays an important role in his short stories. The purpose of this thesis is to explore and describe the role of dialogue in a selection of Carver's short stories, and more specifically how the dialogue serves to describe relationships ranging from seemingly well-functioning affiliations to bonds on the brink of catastrophe. This will be done through viewing dialogue as constituted by figures. These are patterns that can be found in blocks of dialogue, and they contribute to our understanding of the entirety of the dialogue and story in question. By examining three central figures in Carver's authorship and looking at how they form and determine dialogue, the thesis will demonstrate the lack of options of most of the characters in the short stories in question and look at how this hopelessness is represented in their dialogue. The thesis will also show how one of the short stories break out of its confined pattern and into a new figure. The figures that are discussed in this thesis are circumvention, in the short stories ‘Careful’ and ‘A Serious Talk’, silence, in ‘Preservation’ and ‘The Pheasant’, and anxiety, in ‘After the Denim’ and ‘A Small, Good Thing’. Raymond Carver (1938–1988) bringa noko nytt til torgs i 1900-talslitteraturen i USA då historiene hans byrja å dukke opp i litteraturtidsskrift frå 1960-åra og utover, og fleire har meint at han var med på å gje den utdøyande amerikanske novellesjangeren nytt liv. Samtidig har han fått ord på seg både for å utvide modernismen og å ha skapt ein slags ny type realisme. Uansett korleis ein vel å kategorisere han, har dialogen ein svært viktig posisjon i novellene hans. Føremålet med denne masteroppgåva er å utforske og skildre kva rolle dialogen spelar i novellene til Carver, og meir spesifikt korleis dialogen bidreg til å opplyse og skildre kjærleiksforhold. Forholda i Carver-novellene spenner over alt frå romantiske samband som tilsynelatande fungerer godt, til intrigar som balanserer på kanten mot det katastrofale. Oppgåva vil bruke språklege figurar som rammeverk og sjå dialogen som eit resultat av desse. Slike figurar utgjer mønster som ein kan finne att i dialogen i historiene, og dei er med på å skape den forståinga vi får av dialogen og novella som heilskap. Ved å undersøkje tre sentrale figurar i forfattarskapen til Carver og sjå nærare på korleis dei formar og determinerer dialog, søkjer oppgåva å vise den mangelen på valmoglegheiter dei fleste av personane i novellene står overfor, og sjå på korleis denne håpløysa kjem fram i dialogen deira. Oppgåva vil også vise korleis éi av novellene bryt ut av mønsteret sitt og går inn i ein ny figur. Figurane som blir tekne opp, er omgåing (circumvention), i novellene «Careful» og «A Serious Talk», stille (silence), i «Preservation» og «The Pheasant», og uro/angst (anxiety), i «After the Denim» og «A Small, Good Thing».