Show simple item record

dc.contributor.authorHaugen, Marta Ese
dc.date.accessioned2016-08-01T11:11:14Z
dc.date.available2016-08-01T11:11:14Z
dc.date.issued2016-05-16
dc.date.submitted2016-05-16eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12372
dc.description.abstractI denne studien blir det gjort ei vurdering av i kva grad tre spanskbaserte kreolspråk er integrerte i samfunnet og om dei er utdøyingstrua eller ikkje. Kreolspråk er sårbare språk då dei har bore på stereotypiar om slaveri og underklasse, i tillegg til å bli vurdert av majoriteten som «feil» måte å snakke på, og sett på som dialektar av andre språk. Dessutan vert mange kreolspråk snakka av relativt få personar. Først på 1960-talet byrja lingvistane å oppdage at mange av desse modalitetane faktisk ikkje var gebrokne eller, slik mange såg det, «ukorrekte» versjonar av dei dominante språka der dei blei snakka, men i realiteten individuelle språk som kunne og burde brukast på lik line med andre språk. I laupet av dei siste åra har dei gradvis blitt meir integrerte i samfunnet. Men er dei integrerte nok til at dei står utanfor fare for å døy ut? Dei tre språka som blir analyserte i denne oppgåva er palenquero, papiamento og chabacano. Det første blir snakka i landsbyen Palenque de San Basilio nord i Colombia av rundt 3,500 personar, medan det andre blir snakka på dei tidlegare «nederlandske Antillane», nemleg dei karibiske øyane Aruba, Bonaire og Curaçao av omlag 280,000 personar. Det tredje blir snakka på Filippinene, og i denne oppgåva blir det fokusert på varianten zamboangueño, som blir snakka av rundt 300,000 personar. For å svare på om dei er utdøyingstrua eller ikkje, blir kvart språk analysert etter ni faktorar identifiserte av UNESCO for måling av levedyktigheita og utdøyingsfaren til språk. Desse omfattar mellom anna vidareføringa av språka til nye generasjonar, område der språka blir brukte og haldningar til språka. Materialet blir henta frå tidlegare feltarbeid og studiar gjort av lingvistar og kreolistar. I oppgåva kjem det fram at papiamento er i ei særstilling fordi det er langt meir integrert i samfunnet enn dei to andre kreolspråka. Palenquero, derimot, er i ein svært svak posisjon, medan zamboangueño ligg ein stad i mellom. Vi ser at dei to sistnemnde ikkje har offisielle skriftspråk og difor vert hengande etter den teknologiske utviklinga. Zamboangueño er imidlertid morsmålet til såpass mange der det blir snakka, at det likevel delvis vert brukt i offentleg sektor. I oppgåva blir det konkludert med at palenquero er eit svært utdøyingstrua språk. For å bevare dette kreolspråket trengst det offisiell ortografi og grammatikk, i tillegg til at dei som snakkar språket må føre det vidare til nye generasjonar. Papiamento syner seg å vere stabilt og å ikkje vere trua. Chabacano (zamboangueno) er, i følgje denne analysen, nokså trua, og treng offisiell ortografi og grammatikk, samt at styresmaktene i området og dei som snakkar språket promoterer språket, slik at haldningane til det vert betra.en_US
dc.format.extent1636510 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isospaeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectMinoritetsspråk
dc.subjectKreolspråk
dc.subjectTalespråk
dc.subjectUtdøende språk
dc.subjectSpansk språk
dc.titleSituación actual y futura de tres lenguas criollas de base hispana. La posición del palenquero, el papiamento y el chabacano en la sociedad y una predicción de sus futuros.eng
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reservedeng
dc.description.degreeMaster i Spansk språk og latinamerikastudier
dc.description.localcodeMAHF-SPLA
dc.description.localcodeSPLA350
dc.subject.nus711128eng
fs.subjectcodeSPLA350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record