Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorDyngen, Øystein Åmelfot
dc.date.accessioned2016-09-14T08:19:26Z
dc.date.available2016-09-14T08:19:26Z
dc.date.issued2016-06-01
dc.date.submitted2016-06-01eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/12797
dc.description.abstractDenne oppgåva har undersøkt problemstillinga: «Kva er optimal skattlegging av elbilar, og kor langt er Noreg frå ein slik situasjon i dag?». For å svare på denne problemstillinga er det gjennomført ein teoretisk diskusjon om korleis skattenivået ved kjøp, bruk og eigarskap av elbilar må vere innretta for at ein skal oppnå ein samfunnsøkonomisk effektiv bruk av elbilar. I denne samanheng er det tatt utgangspunkt i samfunnsøkonomiske prinsipp om at ein skal betale for dei marginale eksterne kostnadane ein påfører samfunnet. Det er skissert eit «optimalt» skatteopplegg for elbilar, relativt til skattlegginga av konvensjonelle bilar. Konklusjonen i denne diskusjonen er at den einaste avgifta som skal differensierast mellom elbilar og konvensjonelle bilar er ei optimalt innretta vegbruksavgift som tek omsyn til kva geografisk område ein kjører i, kva tid ein kjører og kva biltype ein nyttar. Denne diskusjonen viser at elbilar er langt frå å vere skattlagt på ein optimal måte, samfunnsøkonomisk sett. For at ein samfunnsøkonomisk effektiv situasjon skal oppnåast må skattane aukast for elbilar, slik at elbilbrukarane tek inn over seg dei kostnadane dei påfører samfunnet. Døme på slike kostnadar er trengsel, trafikkulukker og svevestøv frå dekk. Det er også funne at elbilsubsidiane i mange tilfelle gjer det lønsamt for konsumentar å velje elbil framfor konvensjonell bil. Mykje tydar på at elbilsubsidiane fører til auka mengd bilkjøring totalt. I tillegg er det i denne oppgåva gjennomført ei nytte-kostnadsanalyse kor dagens subsidieordning er samanlikna med eit tiltak kor ein innfører eit «optimalt» skatteopplegg av elbilar, som skissert under den teoretiske diskusjonen. Netto noverdien av å innføre dette tiltaket er estimert til om lag 6,86 milliardar kroner. Rett nok avheng denne analysen av ei rekke føresetnadar som har usikkerheit knytt til seg. Testing av kritiske usikkerheitsfaktorar gav visse utslag på den samfunnsøkonomiske lønsemda, men ingen verdiar av usikkerheitsfaktorane gav negativ netto noverdi. Resultata av nytte-kostnadsanalysen bygger opp om påstanden om at Noreg er langt frå ein situasjon med optimal skattlegging av elbilar. Utrekningane av netto noverdiar under nytte-kostnadsanalysen i kapittel 9 er gjort ved hjelp av Direktoratet for økonomistyring sin mal for utrekning av noverdiar i Microsoft Excel.en_US
dc.format.extent1157739 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectskatteng
dc.subjectelbilareng
dc.titleEi samfunnsøkonomisk analyse av Noreg si subsidieordning for elbilareng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.localcodeECON390
dc.description.localcodeMASV-SØK
dc.subject.nus734103eng
fs.subjectcodeECON390


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel