Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorBødal, Anne Mariteng
dc.date.accessioned2006-08-08T08:11:00Z
dc.date.available2006-08-08T08:11:00Z
dc.date.issued2003eng
dc.identifier.isbn82-8088-171-9 (electronic version)
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/1628
dc.description.abstractHovudmålet for hovudfagsavhandlinga mi var å finne ut om det var nokon samanheng mellom lokal identitet, språkhaldningar og språkbruk i dei to byane Florø og Førde, som ligg i Sunnfjordregionen i Sogn og Fjordane. Hypotesen min gjekk ut på at det fanst ein slik samanheng. Eg har brukt teoriar om sosial identitet, lokal og regional identitet, haldningar, språkhaldningar og språkleg regionalisering for å forklare samanhengane mellom dei sosiale og språklege variablane i undersøkinga. Metoden eg har brukt for å samle inn opplysningar om språk og identitet, er hovudsakleg kvalitativ: Eg har brukt halvstrukturerte djupintervju som vart tekne opp på band, og har intervjua 16 informantar til saman. Informantutvalet består av 8 personar frå kvar by: 4 unge og 4 vaksne. Utvalet er likt fordelt på menn og kvinner. Eit kriterium for å bli med i undersøkinga var at ein var oppvaksen innanfor tettstadsområdet i Førde eller Florø. Eg undersøkte 10 språkvariablar (2 fonologiske, 3 morfologiske og 5 leksikalske) som eg ekserperte frå intervjua. Eg valde ut variablar som eg rekna med var så frekvente at eg ville få nok belegg i naturleg samtale. Samlekonklusjonen var at Florø og florødialekten vart oppfatta av florøværingane som spesiell i regionssamanheng, medan haldninga blant førdianarane var at Førde og førdedialekten mangla særpreg. Dette samsvara med at det lokale særpreget i florødialekten vart halde ved like og forsterka, medan førdedialekten var i ferd med å få meir bymålspreg enn han har hatt tradisjonelt.no_NO
dc.format.extent1582042 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleBymål i Sunnfjord. Ei sosiolingvistisk undersøking av språk og identitet i Florø og Førdenob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel