Variable negation in late 19th-century Irish-English
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/16337Utgivelsesdato
2017-06-09Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
I ulike variantar av moderne engelsk over heile verda er bruk av perifrastisk do (I do not have it) i negative deklarative setningar kategorisk med dei fleste hovudverb, etter å ha tatt over jobben som ein gong blei gjort av bare negation (I have it not). Når det gjeld irsk-engelsk, sjølv om bruk av do allereie var den dominante varianten for å forme negative setningar på andre halvdel av 1800-talet, så blei bare negation framleis brukt til ei viss grad. Spesielt var dette tilfelle for nokre få verb som kategorisk tok bare negation. Den historiske utviklinga av negasjon i irsk engelsk er synleg i meir eller mindre same form i andre kolonivariantar av engelsk. Men der er óg forskjellar, samt spørsmålet om likskapane kan sporast tilbake til irsk-engelsktalande emigrantar. Gjennom kvantitative analysar forsøker denne oppgåva å bidra med (1) nye data på ymse former for negasjon i irsk-engelsk på andre halvdel av 1800-talet, meir spesifikt bruk av do og bare negation, (2) ei oversikt over den diakroniske utviklinga av dei ulike formene for negasjon i irsk-engelsk, samt (3) eit perspektiv som samanliknar irsk-engelsk med samtidig australsk- og new zealandsk-engelsk.