Elevars koplingar under feltarbeid i geofag: Ei undersøking av korleis elevar koplar mellom ulike kunnskapar under feltarbeid i geofag
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/16390Utgivelsesdato
2017-08-16Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Earth Science [1154]
Sammendrag
Pedagogiske koplingar og koplingar mellom ulike kunnskapar er ikkje ukjende områder innan geodidaktikk, men områda er lite utforska. Denne studia går meir i djupna på kva typar koplingar som skjer under feltarbeid i geofag. Målet med studia er å skapa større bevisstheit kring elevars koplingsmønster under praktisk arbeid, noko som kan brukast til betre tilrettelegging for denne typen arbeid i framtida. Det kan tenkjast at studia har ein overføringsverdi til andre fag som òg nyttar praktisk arbeid. Tanken om læring gjennom dialog har vore sentral i oppgåva, og dette utgangspunktet satt i samanheng med annan fagdidaktisk litteratur har gitt den teoretiske plattforma for diskusjonen i studia. Studia blei gjennomført som ei kvalitativ observasjonsstudie der analyse av videomateriale har stått i sentrum. Totalt tolv elevar fordelt på fire grupper frå ein geofag 1 klasse ved ein vidaregåande skule i Bergen deltok i studia. Ein elev frå kvar gruppe nytta hovudkamera til å samla inn elevsnakk under ein byvandring i Bergen sentrum, der fokuset var magmatiske bergartar. Til analysane av elevsnakket vart det skreddarsydd eit analyseverktøy tufta på eit allereie eksisterande rammeverk om pedagogiske koplingar. Funna mine viser korleis rammeverket for korleis ein jobbar i felt (feltrammeverk) spelar ei stor rolle for korleis elevane snakkar og koplar ulike kunnskapar. Korleis rammeverket blir kommunisert til elevane (både skriftleg og munnleg), samt feltrammeverkets evne til å dra nytte av elevanes forkunnskapar og spela inn gode observasjons- og tolkingsverktøy, er sentralt for koplingsmønsteret. Studia viser at læraren kan leggja opp til koplingar i felt, men at elevane sjølve må gjera koplingane for å skapa forståing. Eit siste punkt som er veldig styrande for elevanes koplingar i felt er elevgenererte spørsmål. Denne typen spørsmål kan leia elevar mot å tenkja meir abstrakt kring geofaglege prosessar og fenomen, samt reflektera meir over eigne evner.