Vegen til giftarmål. Ein studie av demokratiargument i kommunereform-debatten
Master thesis
View/ Open
Date
2017-06-24Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Government [482]
Abstract
Kommunereforma av Solberg-regjeringa er ein av vår tids største forvaltningsreformer. Regjeringa har ønska å flytte makt og ansvar til større og meir robuste kommunar, der målet blant anna er kommunar som kan sikre gode og likeverdige tenestar til innbyggjarane og eit styrka lokaldemokrati. Før reforma var sett i gang var det 428 kommunar i Noreg, der over halvparten av desse hadde under 5000 innbyggjarar. Debatten kring kommunesamanslåingar blir ofte framstilt som ei konflikt mellom ressurssterke kommunar på den eine sida, og på den andre sida frykt for at større einingar vil svekkje det lokaldemokratiske engasjementet. Denne oppgåva belyser kva demokratiargument som har vore fremja i to case-kommunar: Tingvoll kommune i Møre og Romsdal og Naustdal kommune i Sogn og Fjordane. Av desse to kommunane var det berre Naustdal som valde samanslåing. Dette er to kommunar som er vald ut på grunnlag av sine likskapar på forklaringsvariablar, men med ulikt vedtak om kommunesamanslåing. Problemstillinga er som følgjande: kva typar av demokratiargument blei brukt av aktørar i Tingvoll og Naustdal i utredningsfasen til kommunesamanslåing? I kva grad og på kva måte bidreg demokratiargumenta til å forklare forskjell i utfall mellom dei to kommunane? Dette blir analysert med utgangspunkt i Dahl og Tufte (1973) sine omgrep om borgareffektivitet og systemkapasitet, og vidare med teori om deltakar- og konkurransedemokrati. Empirien i denne studien er basert på intervju av informantar frå forhandlingsutval i begge kommunar, og vidare mediemateriale frå lokalaviser. Konklusjonen i studien viser til at funna er komplekse, men at det er ulik vektlegging av demokratiargument i kommunane som kan bidra til å forklare forskjellen i utfallet. Vidare blir det konkludert med at utfallet ikkje berre kan forklarast av demokratiargumenta, men det viser seg at kontekstuelle forhold og praktiske- og funksjonelle argument speler ei stor rolle på om kommunane valde samanslåing eller ei.