Norwegian attitudes to English varieties: a sociolinguistic study
Abstract
Denne masteroppgåva undersøker kva haldningar nordmenn har til seks ulike variantar av engelsk: standard britisk engelsk, standard amerikansk engelsk, irsk engelsk, australsk engelsk, sørstats-amerikansk engelsk og indisk engelsk. I tillegg utforskar den om desse haldningane er relatert til klassiske stereotypiar av ulike folkegrupper. Oppgåva er eit sosiolingvistisk haldningsstudie som inkluderer bruk av indirekte og direkte metodar der respondentane lyttar til lydklipp og vurderer desse, i tillegg til at dei svarer på direkte spørsmål i eit spørjeundersøkingsskjema. Respondentane er ungdommar i alderen 17 til 20 og vaksne i alderen 40 til 60. Oppgåva ser på kva moglege årsaker det kan vere til at respondentane har nettopp desse haldningane og ser etter samanheng mellom anna i bruk av engelsk dagleg og reiser til engelsk-språklege land. I tillegg utforskar den om media har noko rolle i kva for haldningar nordmenn har. Engelsk er eit dominerande språk innan film og internett, og svært mange seriar og tv-program på norske tv-kanalar er på engelsk. Dette bidreg til kunnskap og kjennskap av engelsk blant nordmenn, i tillegg til ein familiaritet til munnleg engelsk. Oppgåva er inspirert av tidlegare haldningsstudiar som bruker respondentar utan engelsk som morsmål. Likevel er den unik i og med at det er den første som tek med indisk engelsk. Resultata frå denne undersøkinga viser seg å vere svært like resultata til studiar i Skandinavia, Storbritannia og USA. Dette gir grunnlag for å tru at dei haldningane som finst er relativt like uansett kva nasjonalitet informantane har. I tillegg er også dei stereotypiske skildringane frå dei norske respondentane svært like skildringane som både britar og amerikanarar gir. Målet med denne oppgåva er å kartlegge norske haldningar til ulike variantar av engelsk og samanlikne dei med tidlegare funne haldningar. Den er og meint å vere eit bidrag i ei lita samling data av slike haldningar i håp om å kunne inspirere andre til å foreta nye undersøkingar innan feltet slik at grunnlaget for samanlikning vil vakse seg større.