Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorKårstad, Jorunn Mardal
dc.date.accessioned2018-06-19T06:56:03Z
dc.date.available2018-06-19T06:56:03Z
dc.date.issued2018-06-09
dc.date.submitted2018-06-08T22:00:02Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/17801
dc.description.abstractDenne masteroppgåva handlar om betydinga av verna og ikkje-verna arbeid for menneske med psykisk utviklingshemming. Problemstillinga fokusera på kva arbeid betyr for menneske som i varierande grad treng tilrettelegging for å utføre eit arbeid. Eg tek i bruk eit nedanfrå perspektiv og konkretisera problemstillinga gjennom tre forskingsspørsmål: Korleis er arbeidskvardagen til psykisk utviklingshemma organisert? Kva rolle spelar forholdet til støttepersonar i opplevinga av arbeid for psykisk utviklingshemma? Kva motivera psykisk utviklingshemma til arbeid? Eg har valt å nærme meg dette feltet kvalitativt og kombinera deltakande observasjon med personlege intervju. Min deltakande observasjon har funne stad i tre ulike bedrifter som har tilsette med psykisk utviklingshemming (to ordinære og ei verna). Dei intervjuande utgjer eit utval av dei tilsette. Intervjua gjev innsikt i deira opplevingar av, og erfaring med arbeid. Eg har også intervjua nokre av dei tilsette sine nærmaste støttepersonar i bedriftene. Den deltakande observasjonen har tilført studien min sentrale data, men også vore viktig for å skape tillit i feltet. Strukturelle og politiske endringar som handlar om eit meir inkluderande arbeidsliv i Noreg utgjer ei viktig bakgrunnsramme for oppgåva sin diskusjon. Studien er inspirert av tidlegare forsking på temaet. På eit makronivå har forsking innanfor fleksibilitet og arbeidsinkludering vore betydingsfull. Teoriar og forsking innanfor psykisk utviklingshemma i arbeidslivet har vore sentrale på eit mesonivå. På eit mikronivå er teoriar og forsking innan motivasjon, meistring og overgang til vaksenlivet vore sentrale for min analyse. Mitt bidrag handlar særleg om å samanlikne verna og ikkje-verna bedrifter, og vise betydinga av ulike typar organisering av arbeidskvardagen, forminga av relasjonar på arbeidsplassen og dei psykisk utviklingshemma sine motivasjonar. Analysen er delt inn i tre delar. Den første gjev eit innblikk i korleis arbeidskvardagen er organisert i dei tre bedriftene eg har gjennomført feltarbeid i. Ved å samanlikne rutinar, arbeidsoppgåver, sosiale aspekt og tilrettelegging på arbeidsplassen i verna og ikkje-verna bedrifter, viser studien at verna bedrifter opnar opp for tett oppfølging og tilrettelegging, tette band mellom tilsette og dermed ei noko svekka arbeidstakarrolle. Organiseringa av arbeidet i ikkje-verna bedrifter derimot sosialisera tilsette med psykisk utviklingshemming inn i ei arbeidstakarrolle som er viktig for deira identitet; arbeidstakarrolla skapas gjennom ei blanding av oppfølging og sjølvstende. Andre delen av analysen omhandlar forholdet mellom tilsette med psykisk utviklingshemming og støttepersonar på deira arbeidsplass. Denne analysedelen viser at tilsette i verna bedrifter i større grad knyt seg til sine arbeidsleiarar og er meir avhengig av dei for å motivere seg gjennom ein arbeidsdag enn det tilsette ved ikkje-verna bedrifter er. Siste delen av analysen viser korleis ulike typer motivasjon til å arbeid og være i arbeidet har betyding for tilsette med psykisk utviklingshemming. Denne analysedelen viser eit potensiale ved verna bedrifter, særlig i forhold til det sosiale aspektet; dei tilsette blir gjeven mogelegheit til å bygge sosiale nettverk som strekker seg ut over arbeidsplassen. Studien viser at det å få anerkjenning og jobbe sjølvstendig er spesielt viktig i ikkje-verna bedrifter. Dette kan henge saman med at tilsette i ikkje-verna bedrifter med psykisk utviklingshemming utgjer ein minoritet på arbeidsplassen og derfor treng dette for å oppleve arbeidstakarrolla som legitim. Samtidig kan dette forklare kvifor lønn spelar ei større rolle for motivasjon for menneske med psykisk utviklingshemming tilsett i ikkje-verna bedrifter samanlikna med verna bedrifter. Eg knyt så analysedelane til to omgrep eg kalla alternativt arbeid og pre-lønna arbeid. Arbeid for psykisk utviklingshemma kan sjåast langs eit kontinuum, der dei med nokre ressursar har utbytte av å arbeide i verna bedrifter, og ein selektiv del av desse har utbytte av arbeid i ei ikkje-verna bedrift. Verna arbeid kan tolkast som ei form for alternativ arbeid då bedriftene er konstruert for å legge til rette arbeid for menneske med psykisk utviklingshemming. Arbeid til menneske med psykisk utviklingshemming i ikkje-verna bedrifter derimot, kan tolkas som ei form for pre-lønna arbeid då det tar form som ein slags forløpar for lønna arbeid. Dei psykisk utviklingshemma vert her tilsette ved sidan av kollegaer i ordinære stillingar, men deira funksjonar blir ikkje likeverdige. Studien min viser at det er behov for begge typar arbeid for psykisk utviklingshemma. Verna bedrifter er verdifulle i den forstand at menneske med psykisk utviklingshemming kan ha utbytte av å få tilrettelagt arbeidskvardagen etter deira eigne behov, og ikkje minst er det sosiale aspekt verdifullt her. Men kravet om produksjon og effektivitet i verna bedrift kan vere ei barriere for at dei tilsette får utvikle seg og arbeide i ønska tempo. Ikkje-verna bedrifter kan skape ei styrka arbeidstakarrolle og kan gjev kjensla av å ha lukkast i overgangen til vaksenlivet. Det finst også barrierar i ikkje-verna bedrifter som hindrar dei tilsette i å bli ein arbeidstakar på lik linje med andre, som til dømes deira sterke behov for anerkjenning og ros.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectikke-vernet arbeideng
dc.subjecttilrettelagt arbeideng
dc.subjectvernet arbeideng
dc.subjectpsykisk utviklingshemmedeeng
dc.subjectetnografiskeng
dc.subjectarbeidsinkluderingeng
dc.subjectpsykisk utviklingshemmingeng
dc.subjectarbeideng
dc.subjectpsykisk utviklingshemmingeng
dc.subjectkvalitativ metodeeng
dc.titleMenneske med psykisk utviklingshemming i arbeid. Ein etnografisk studie av menneske med psykisk utviklingshemming i verna og ikkje-verna bedrifter.eng
dc.title.alternativeAn ethnographic study of people with intellectual disability in sheltered and supported work.eng
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2018-06-08T22:00:02Z
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved.en_US
dc.description.localcodeSOS360
dc.description.localcodeMASV-SOS
dc.subject.nus732106eng
fs.subjectcodeSOS360
fs.unitcode15-11-0


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel