Ein numerisk studie av ammoniakkspreiing i eit urbant område ved bruk av simuleringsverktøyet FLACS
Abstract
Ammoniakk er eit giftig stoff som kan føre til skade på menneske og dyr som vert utsett for det. Då store mengder ammoniakk vert frakta og lagra i urbane områder som væske under trykk, vil det ugjere ei stor fare for befolkinga om ei utsleppsulykke skulle intreffe. Målsetjinga med denne oppgåva var å modellere spreiing av ammoniakk i eit urbant område innanfor bygrensene til Ålesund for å kartlegge spreiing ved eit eventuellt utslepp. Analyseobjektet var logistikkbedrifta Tyrholm & Farstad som ligg sør på Aspøya, ei av øyene som utgjer Ålesund sentrum. Det vart òg lagt vekt på å undersøkje POOL-modellen for ammoniakk i FLACS. Simuleringane vart utført ved hjelp av programvara FLACS, eit numerisk fluid dynamikk (CFD) verktøy, som løyser dei tre-dimensjonale Navier-Stokes likningane supplert med modellar for turbulens for å skildre utbreiinga av ammoniakkgass. Ein modell av Ålesund beståande av terreng og eit utval bygningar vart lagt inn i FLACS. Ei rekke simuleringar vart utført for å undersøkje korleis ammoniakkgassen vil spreie seg ved ulike vindretningar og vindhastigheitar. Det kjem fram at den mest dominerande vindretninga frå SSØ på 150° òg er den som spreiar ammoniakkgassen lengst. Ammoniakkgassen vil spreiie seg på tvers av Aspøya, og kan føre til at dei som bur på vestsida av utsleppspunkta kan verte isolert når innsatspersonell etablerer eit tryggleiksområde rundt utsleppsstaden for å hindre at uforvarande kjem inn i faresona.