”Ein sluttar ikkje å leite etter ein ny sti, sjølv når ein har gått seg vill i ein stor, skummel skog”. Einslege mindreårige flyktningar og deira strategiar i navigering mot ei ny tilvære i Noreg
Abstract
Den siste tida har rekordmange einslege mindreårige flyktningar vorte busett i Noreg. Det er sparsamt med forsking om desse menneska, særleg jentene. Der forsking er tilgjengeleg, er fokuset hovudsakleg retta mot psykososiale utfordringar i vertssamfunnet, og det vert etterlyst studiar som òg nyttar eit ressursperspektiv. Studien byggjer på eit slikt ressursperspektiv, og målet var å få ei auka forståing for kva einslege mindreårige jenter som er flyktningar sjølv opplever at fremjar ei positiv tilpassing til ei ny tilvære i Noreg. Forskingsspørsmåla er som følgjer: 1. Korleis meistrar einslege mindreårige jenter å flykte til og tilpasse seg eit nytt liv i Noreg, og 2. korleis opplever dei den nye tilværa? I studien er det nytta ein kvalitativ metode med fenomenologisk tilnærming. Datamaterialet vart samla inn ved bruk av djupneintervju med narrativt fokus. Deltakarane var seks jenter/kvinner i aldersgruppa 15 – 20 år, som kom til Noreg som einslege mindreårige. Deltakarane opplevde å vere positivt tilpassa det nye livet i Noreg, basert på akademisk suksess, sosial suksess, språkmeistring, og opplevd tilfredsheit. Ei rekkje ressursar og meistringsstragegiar vart identifisert som viktige for slik tilpassing: Motivasjon for migrasjon, viktige nøkkelpersonar, spirituell støtte, språk, sosial støtte, trygge omsorgsløysingar, utdanning, evne til å transformera motgang til styrkje, og fokus på framtid. In recent times, record numbers of unaccompanied, refugee minors have settled in Norway. Research on these individuals, especially in the area of unaccompanied girls is sparse. Where research is available, the focus is primarily on psychosocial challenges in the host society, and studies carried out from a resource perspective are sought after. The study is based on a resource perspective, and the goal is to gain an insight into what these girls themselves experience as conducive to positive adaption to their new lives in Norway. The research questions are as follows: 1. How do unaccompanied refugee girls manage the transition, and adaption to a new life in Norway, and 2. How do they experience this new existence? This qualitative study used a phenomenological approach. The data was collected by conducting in-depth interviews with a narrative focus. The participants were six girls/young women aged between 15 and 20 years, who came to Norway as unaccompanied refugee minors. Participants in this study found that they were well adapted to their new lives in Norway, based on academic, social and linguistic success. A number of resources and coping techniques were identified as important for such an outcome. These were: motivation for migration, key people, spiritual support, comprehension of the Norwegian language, safe care solutions, education, ability to transform resistance to strength, and to focus on the future.