Prinsippet om barnet sitt beste i fyrstelinjetenesta. Ei kvalitativ strukturanalyse av retningslinjer for ansvarsgrupper
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/20626Utgivelsesdato
2018Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Government [483]
Sammendrag
Dette forskingsopplegget er ei strukturanalyse av korleis Noreg regulerer og strukturerer prinsippet om barnet sitt beste. Ved å nytta meg av prinsippet om barnet sitt beste som evalueringsstandard har eg undersøkt om retningslinjer for ansvarsgrupper knytt til barnevernstenester på Vestlandet kan seiast å vera i tråd med det nemnde prinsippet. I fylgje Barnekomiteen vil ulik praksis kring og utføring av prinsippet innanfor ein stat kunna seiast å ikkje vera i tråd med kva som er til det barna sitt beste. Det teoretiske rammeverket består av kjelder frå juss og samfunnsvitskap, og hovudtyngda ligg på læra om skjønnsmargina og regulering av skjønn i forvaltninga. Datagrunnlaget består av retningslinjer for ansvarsgrupper knytt til barnevernstenester på vestlandet, samt ustrukturerte intervju med barnevernstenester innanfor denne regionen. Datamaterialet vart analysert i to delar, basert på problemstillinga: Har barnevernstenestene på Vestlandet retningslinjer for ansvarsgrupper, og er desse i so fall i tråd med prinsippet om barnets beste? Funna frå den kvalitative analysa indikerer at det er, med bakgrunn i det føreliggande datamaterialet, vanskeleg å fastslå om ein kan svara tydeleg ja eller nei på det fyrste leddet i problemstillinga. Sjølv om det er vanskeleg å konkludera kring det fyrste leddet, er det likevel mogeleg å gjennomføra analysa av det andre leddet. Her kjem det fram at dei ulike retningslinjene som ligg til grunn for analysa stort sett varierer på dei fleste områder når det kjem til regulering av ansvarsgrupper. Med bakgrunn i mellom anna Barnekomiteen sine uttalingar om at skilnadar kring handheving, regulering og bruk av prinsippet i traktatstatane ikkje er i tråd med bestemmingane i prinsippet, vert det konkludert med at dei retningslinjene eg har fått innsyn i frå barnevernstenester på Vestlandet ikkje kan seiast å vera i tråd med prinsippet om barnet sitt beste.