Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorRøssland, Hege Lægreiden_US
dc.date.accessioned2019-12-19T13:42:57Z
dc.date.available2019-12-19T13:42:57Z
dc.date.issued2011-03
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/21225
dc.description.abstractBakgrunn: Psykisk helsevern har dei siste tiåra gjennomført ein modernisering og omstilling av sine behandlingstilbod frå tradisjonell institusjonsbehandling til meir polikliniske og ambulante tenester. Det har vore satsa på etablering av Akutt Ambulant Team i dei fleste helseføretaka. Det er store forskjellar og mykje er uklart med omsyn til organisering og drift av teama, ikkje minst kompetanse og opningstid. Det er lite kunnskap om kva innverknad ulike organisasjonsmodellane har, og korleis dette påverkar dei tradisjonelle institusjonstilboda. Formål: Eg ønskjer med denne studien og utforska kva påverknad ulik opningstid og kompetanse i team har i høve innleggingar, opphaldsdøgn i institusjon og diagnosefordeling i teamet si pasientgruppe. Eg vil analysera sentrale nøkkeltal frå to DPS – områder og vurdera kor vidt det er forskjellar på aktivitetsdata som kan tilskrivast forskjellen i organisering ved desse to DPSa. Aktivtetsdata frå 2009 for team ved Aust – Agder DPS og Haugaland / Karmøy DPS er henta frå pasientjournalsystem og det same for akuttavdelingar ved sjukehusavdelingar i Haugesund og Arendal. Statistikkar på sengeplassar og opphaldsdøger frå Samdatarapport 2009. Deskriptiv tverrsnitt design. Samtalar og vurdering av innsamla statistikkar for å beskriva team – organiseringa. Presentasjon og analysering av nøkkeltal for aktivitet. Det er monaleg færre innleggingar og opphaldsdøger, både i DPS – sengeplassar og akuttplassar, ved Haugaland / Karmøy DPS sitt team med psykolog- og legebemanning og 24/7 teneste. Det er fleire som mottek behandling ved dette teamet, og det er fleire pasientar med alvorleg psykisk liding samanlikna med Aust – Agder DPS sitt team med dagopningstid. Masterstudien kan vera eit bidrag til å fokusera på samanheng mellom opningstid og kompetanse i team og påverknad på akuttinnleggingar, opphaldsdøger og diagnosesamansetnad. Det er ikkje mogeleg å konkludera kor vidt det et er føremålstenleg å oppretta Akutt Ambulant Team og kva organisasjonsform som er å føretrekkja. Studien gjev ikkje svar på kva tilbod som har best kvalitet og gjev den største helsegevinsten.en_US
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectakuttbehandlingeng
dc.subjectorganiseringeng
dc.subjecttilgjengeeng
dc.titleAkutt Ambulant Team - kva innverknad kan opningstida ha?en_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.description.degreeErfaringsbasert master i helseledelse, helseøkonomi og kvalitetsforbedring
dc.description.localcodeHELVID650
dc.description.localcodeMATF-HEVID
dc.subject.nus761901eng
fs.subjectcodeHELVID650


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel