The Athenian Agora and the Roman Forum as Marketplaces.
Master thesis
View/ Open
Date
2019-12-20Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [246]
Abstract
Det klassiske agora i Athen og det romerske forumet i Roma var sentrale samlingspunkt i dei antikke byane, sentrum for båe politisk, religiøs og økonomisk aktivitetar. Denne oppgåva tek føre seg det athenske agora og det romerske forum i perioden ca. 600-150 f.VT. Fokuset for oppgåva er funksjonen deira som marknadsplassar og korleis dei endra seg i løpet av den valte perioden. Desse endringane på agora og forum vert sett opp mot kvarandre i ein komparativ studie. Det finst fleire ulike typar for handel og økonomisk aktivitet, ikkje alle etterlet seg eit arkeologisk materiale som kunne tolkast åleine men som må supplerast med verk frå dei antikke forfattarane. Oppgåva er avgrensa til å hovudsakleg omhandle dei aktivitetane som gjekk føre seg i permanente strukturar. På det athenske agora var stoaene frå klassisk og hellenistisk tid sentrale samlingsstadar for dei økonomiske aktivitetane medan det på det romerske forumet var tabernaene og og basilikaene som var knytt til dei økonomiske aktivitetane. Roma hadde i tillegg også macellum, bygningar som var bygd spesifikt for å husa marknadar og handel.