Effekt av termisk avlusing på gjellehelse hos laks: Hos patogenfri laks og i kommersiell produksjon på Vestlandet
Master thesis
View/ Open
Date
2020-06-12Metadata
Show full item recordCollections
- Master theses [269]
Abstract
Målet med dette studiet var å studere effektane av termisk avlusing på gjellehelsa til laks. Lakselus utgjer eit stort problem for norsk lakseoppdrett, og behandlingsmetodane er avgrensa grunna resistens mot fleire medikament. Termiske metodar for avlusing er den vanlegaste behandlingsmetoden nytta i dag, men det vert rapportert om skadar og auka dødelegheit i etterkant av slike behandlingar. I tillegg er dårleg gjellehelse eit av hovudproblema i marint lakseoppdrett i Sør-Noreg. Årsakene er ofte samansett av fleire faktorar, der blant anna stress kan påverke negativt. I kommersiell produksjon er det fleire faktorar som kan påføre laksen stress, deriblant handtering og ulike behandlingar. Studiet er ein del av eit større FHF-prosjekt (901514), der eit av måla er å kartleggja effektane av termisk avlusing på gjellehelsa. Tre lokalitetar i kommersiell produksjon og eit smitteforsøk med patogenfri atlantisk laks vart følgde gjennom ei avlusing. Dei fire avlusingane vart vurdert utifrå synleg patologi, dødelegheit, lusetal, histologisk gjellescore og patogenbelastinga i gjelle- og nyrevev før, under og etter termisk avlusing. Smitteforsøket vart gjennomført ved å skånsamt håve tre og tre fisk over i oppvarma vatn, for å studere effekten av varmt vatn på fisken utan å utsetje den for trenging og pumping i forkant. Resultata viser at verken patogenbelastinga eller histopatologiske endringar i gjellevev vert negativt påverka av termisk avlusing. Gjellehelsa i forkant av behandlinga, i tillegg til førekomst av virussjukdommar syner derimot å ha ei påverking på dødelegheita under behandling. Patogenbelastinga på fisken var høgast ved avlusing på hausten og lågast på våren. Dette samsvarte med gjellescoren, der det vart registrert meir endringar i gjellevevet til fisken som vart behandla på hausten. Denne fisken hadde i tillegg høgare dødelegheit i forkant av behandlinga, som auka ytterlegare etter behandling. Ved avlusing på våren, med lite patogen og låg gjellescore, og ved smitteforsøket var dødelegheita tilnærma uendra etter behandling. Studiet syner òg at termisk avlusing har god effekt på reduksjon av mobile lakselus.