• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Geography
  • Department of Geography
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Geography
  • Department of Geography
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Evaluering av lokal forvaltning i Fitjarøyane

Thoresen, Kjartan
Master thesis
Thumbnail
View/Open
Masterthesis_Thoresen.pdf (7.815Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/2294
Date
2007
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Geography [451]
Abstract
Denne masteroppgåva tek føre seg korleis lokal forvaltning av kystsona etter plan- og bygningslova har fungert i praksis i Fitjarøyane dei siste 15 åra. NOU 1986: 13 ”Ny landsplan for nasjonalparker” fremja forslaget om å verna Fitjarøyane som nasjonalpark eller landskapsverområde. Lyngheilandskapet var den viktigaste enkeltfaktoren som tala for vern i 1986. Dette verneforslaget vart møtt med stor motstand lokalt. Fitjar kommune fekk i 1992 (St.meld. nr. 62, 1991-92) godkjent Kommunedelplan 1989-1997 for Øyane som eit alternativ til vern. Det vart argumentert med at ein best ville kunne ta vare på verdiane lokalt. Ut frå det som står på side 82 i denne Stortingsmeldinga (St.meld. nr. 62, 1991-92), kan ein tolke det slik at forvaltninga av området etter ei tid skal evaluerast. Og at ein eventuelt skal ta stilling til om det igjen kan vera aktuelt å ta i bruk naturvernlova. I denne masteroppgåva skal eg vurdere korleis den lokale forvaltninga har fungert i praksis etter denne Stortingsmeldinga. Lovar og retningslinjer i kystsonen, i første rekke plan- og bygningslova og naturvernlova vert diskutert før eg kjem inn på ein del teori kring planlegging og forvaltning. Strukturelle endringar i kystlandskapet dei seinare åra utgjer eit viktig poeng i teorikapittelet. Metodisk byggjer oppgåva i stor grad på dokumentanalyse og ulike intervju. Eg har mellom anna nytta ei diskursanalytisk tilnærming i dette arbeidet. Kvalitativ analyse av dispensasjonssaker i strandsona utgjer òg ein vesentleg del av arbeidet mitt, og mange av desse er illustrerte med fotografi. Ut frå mellom anna ei mengd ulike saksdokument og kommuneplanar gjer eg greie for lokal planlegging og forvaltning i Fitjarøyane 1986-2007. Oppgåva og lovnaden med å ta vare på eit så stort område med nasjonal verneverdi og alt dèt krev, var og er, etter mi meining ei nærast umogleg oppgåve for ein liten og ressurssvak kommune som Fitjar aleine. Tar ein i tillegg omsyn til at det til dels har vore manglande initiativ og vilje frå kommunen si side til å stå for lovnadane, og lite støtte frå regionale og nasjonale instansar, kan ein seie at den lokale forvaltninga langt på veg ikkje har fungert i tråd med sine eigne intensjonar. Samstundes ser me at det fins døme på gode, men spreidde tiltak for å ta vare på verdiane.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
The author
Copyright the author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit