• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Earth Science
  • Department of Earth Science
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Mathematics and Natural Sciences
  • Department of Earth Science
  • Department of Earth Science
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Karst i Elgfjellet, Lomsdal-Visten nasjonalpark: Strukturgeologi og grottearkitektur i Gråryggen

Bukholm, Lene Engevik
Master thesis
Thumbnail
View/Open
master thesis (30.66Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/23084
Date
2020-06-27
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Earth Science [866]
Abstract
Ei grotte kan definerast som eit naturleg holrom stort nok til at eit menneske kan kome seg inn (Ford og Williams, 2007). Om ei grotte er danna i oppløyseleg kalkstein eller marmor, omtalast holrommet som ei karstgrotte. For at ei karstgrotte skal kunne utformast, er ei av dei naudsynte faktorane eit samanhengande sprekkesystem. Grottepassasjar utviklast frå pre-eksisterende sprekkar, som kan knyttast opp mot det relevante området si tektoniske historie. Det strukturgeologiske aspektet rundt grottedanning står dermed svært sentralt for å kunne forstå utviklinga. Denne masteroppgåva utgjer ei av totalt fem masteroppgåver (Jenssen, 2020; Krossøy, 2020; Remmen, 2020; Torstad, 2020), som inngår i forskingsarbeidet tilknytta Elgfjellprosjektet, SA i Lomsdal-Visten nasjonalpark. Gråryggen omfattar eit området på A sida av Elgfjellet, beståande av eit marmorbelte av særs homogen og rein kalkspatmarmor. Denne oppgåva har som føremål å gjennom kartlegging og strukturelle målingar, gjennomført både på overflata og undergrunnen tilhøyrande Gråryggen, kunne belyse innverknaden den lokale og regionale strukturgeologien har hatt for utviklinga av dei aktuelle grottene. Revidert kartlegging har resultert i ei total passasjelengd på 1,2 km, fordelt på fire grottesystem lokalisert på Gråryggen. Grottene strekk seg i NA – SV til NV – SA retning, der dei i hovudsak er utvikla i skjeringslinjen mellom foliasjon og avlastingssprekker. Passasjemorfologi er styrt av hydrauliske årsaker, med berre få, lokale modifikasjonar. Det er føreslått at grottearkitektur er påverka av ei open synklinal fald, der ei tidlegare samankopling mellom to system er sannsynleg. Det er også identifisert sterk stratigrafisk kontroll på grottene si plassering, der både løyslegheit, sprekketettleik og den litologiske kontakten spelar inn. Det antas at løyslegheit utgjer den dominerande kontrollerande faktoren. Det er ikkje funne bevis for neotektonisk rørsle for feltområdet, der framlagte bevis frå tidlegare arbeid forklarast gjennom differensiell korrosjon. Hydrotermale mineralfyllingar antyder at sprekkar er eldre enn grotten, og kan tilskrivast prosessar knytt til den kaledonske orogonese i sein silur til tidleg devon eller opninga av Norskehavet i neogen. Gjennom ei kryssingsanalyse er føreseiing av passasjeretning forsøkt, der resultat i beste fall visar sannsynleg utstrekking.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the Author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit