Show simple item record

dc.contributor.authorNilsen, Fartein Hauan
dc.date.accessioned2020-08-21T06:59:38Z
dc.date.issued2020-08-21
dc.date.submitted2020-08-20T22:00:04Z
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/23873
dc.descriptionPostponed access: the file will be accessible after 2021-06-29en_US
dc.description.abstractI denne oppgåva tek eg for meg trussamfunnet Ásatrúarfélagið på Island. Dette er eit nypaganistisk trussamfunn som vart grunnlagt i 1972 og som fekk status som statleg anerkjent religion på Island i 1973. Dette inneber at Ásatrúarfélagið er jamstilt med kristendommen og statskyrkja på Island med alle dei rettane og pliktene som følgjer med. Ásatrúarfélagið er jamvel det femte største trus- og livssynssamfunnet på Island i dag. Blant dei ikkje-kristne trus- og livssynssamfunna så er Ásatrúarfélagið det største og raskast veksande. Som andre nypaganistiske trussamfunn er dei til ein viss grad prega av eit ønskje om å forkaste institusjonalisert kristendom og rekonstruere førkristen religion. Slike trussamfunn baserer seg ofte på det dei meiner er gjenlevande fragment av førkristen mytologi og rituell praksis i folketrua. Oppgåva er basert på eit seks månadar langt feltarbeid på Island kor eg hovudsakleg oppheldt meg i og kring Reykjavík. I løpet av oppgåva viser eg korleis åsatrua er tett knytt til framveksten av modernitet på Island og at det inngår i diskursar kring identitet, sjølvutvikling, nasjonalisme og turisme. Eg argumenterer for at åsatru, slik det har manifestert seg på Island, skapar eit diskursivt rom som tillét tilhengjarane å hevde sin individualisme og ein type radikal «islandskheit» som er i tråd med narrativet om islandsk eksepsjonalisme og frigjeringskamp. I tillegg gir det rom for å eksperimentere med identitetar og kritisere etablerte institusjonar i det islandske samfunnet som krenker individets rettar. På denne måten byggjar åsatruarane refleksivt eit narrativ om seg sjølv med røter i fortida samstundes som det i røynda ikkje strid imot ein neoliberal logikk og ein hypermoderne livsstil. For å kaste ljos over korleis åsatruarane refleksivt konstruerer identiteten sin med utgangspunkt i fortida, nyttar eg meg hovudsakleg av teoretikarar som Anthony Giddens, Ulrich Beck og Zygmunt Bauman.en_US
dc.language.isonno
dc.publisherThe University of Bergen
dc.rightsCopyright the Author. All rights reserved
dc.titleEi ny tid for gamle gudar: ein etnografisk studie av Ásatrúarfélagið på Island
dc.typeMaster thesisen_US
dc.date.updated2020-08-20T22:00:04Z
dc.rights.holderCopyright the Author. All rights reserveden_US
dc.description.degreeMasteroppgave
dc.description.localcodeSANT350
dc.description.localcodeMASV-SANT
dc.subject.nus738106
fs.subjectcodeSANT350
fs.unitcode15-34-0
dc.date.embargoenddate2021-06-29


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record