Åtvaringar i private tilsetjingsforhold – ei vurdering av om rettstryggleiken til arbeidstakaren er godt nok ivareteke.
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/23947Utgivelsesdato
2020-06-16Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Faculty of Law [2624]
Sammendrag
Temaet for masteroppgåva er «åtvaringar i private tilsetjingsforhold». Rettsområdet arbeidsrett består av verneomsynet som eit grunnfundament, men likevel nyttar ikkje arbeidsmiljølova omgrepet «åtvaring», og ein har heller ingen andre reglar som direkte regulerer dette for private tilsetjingsforhold. Åtvaringsinstituttet bærer dermed preg av eit svevande rettskjeldebilete til tross for at åtvaring er den mest alvorlege sanksjonen arbeidsgjevar kan kome med før oppseiing eller avskil. Siktemålet med masteroppgåva er å få ei meir handfast tilnærming til både vilkår og verknad for denne reaksjonsforma for å vurdere om rettstryggleiken til arbeidstakaren er godt nok ivareteke.