• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Humanities
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Talemål og livsverd. Ein aldersavgrensa populasjonsstudie blant ungdomar i Aurland i Sogn.

Stokstad, Ingunn
Master thesis
Thumbnail
View/Open
42164229.pdf (11.59Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/2904
Date
2008-11-11
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Linguistics, Literary and Aestetic Studies [810]
Abstract
Dette er ein studie av talemålet til ein ungdomspopulasjon i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Målet med studien er å utforska relasjonen mellom ungdomane sitt talemål og korleis dei konstituerer livsverda si. Hovudproblemstillinga for avhandlinga er: I kva grad er det samanfall mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å konstituera ei lokalt orientert livsverd hjå ungdomane?Det empiriske materialet består av to delar; ein språkleg del og ei kulturell bakgrunnsundersøking. Foreldra sitt talemål er registrert som ein del av bakgrunnsundersøkinga. Fleire av ungdomane i undersøkinga har foreldre som ikkje realiserer eit lokaltilknytt talemål. I studien vert det òg undersøkt i kva grad desse ungdomane sjølv realiserer lokaltilknytte talemålsvariantar. Problemstillinga for denne delundersøkinga er om det er nokon samanheng hjå ungdomane som er nemnde ovafor, mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg og geografisk identitet.Elleve språklege variablar er undersøkte. Dei realiserte variantane er kategoriserte som enten lokaltilknytte variantar eller ikkje-lokaltilknytte variantar.I den kulturelle bakgrunnsundersøkinga vert livsverda til ungdomane undersøkt indirekte. Det vart gjort kvalitative livsverdintervju med kvar informant. Informantane sine handlingar/haldningar i ulike kulturelle felt er registrert. Felta er kategoriserte som enten lokalforankra eller ikkje-lokalforankra. Feltinndelinga er inspirert av Bourdieu si felttilnærming i kultursosiologien sin slik Gunnstein Akselberg modifiserer det i dr.art.-avhandlinga si (Akselberg 1995). Undersøkinga syner at det på populasjonsnivå og talemålskategorinivå er eit samsvar mellom å realisera lokaltilknytte språklege variablar og å utføra lokalforankra handlingar/haldningar i dei kulturelle felta. På individnivå er det samanfall mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og utføra lokaltilknytte handlingar/haldningar hjå éin informant. Det er ein tendens til samanfall hjå 13 informantar. Hjå tre informantar er det ein liten tendens til samanfall. Hjå to informantar er det ikkje noko samanfall.Ungdomane i studien som har éin forelder med eit lokaltilknytt talemål, har svært ulik talemålspraksis og relativt stor interindividuell språkleg variasjon. På gruppenivå finn eg ikkje nokon samanheng mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg og geografisk identitet. Den kvalitative undersøkinga syner at det på individnivå kan vera ein samanheng mellom å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg identitet og å realisera lokaltilknytte språktrekk hjå nokre informantar.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
Copyright the author. All rights reserved
The author

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit