Show simple item record

dc.contributor.authorStokstad, Ingunneng
dc.date.accessioned2008-11-11T11:57:55Z
dc.date.available2008-11-11T11:57:55Z
dc.date.issued2008-11-11eng
dc.date.submitted2007-11-20eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/2904
dc.description.abstractDette er ein studie av talemålet til ein ungdomspopulasjon i Aurland kommune i Sogn og Fjordane. Målet med studien er å utforska relasjonen mellom ungdomane sitt talemål og korleis dei konstituerer livsverda si. Hovudproblemstillinga for avhandlinga er: I kva grad er det samanfall mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å konstituera ei lokalt orientert livsverd hjå ungdomane?Det empiriske materialet består av to delar; ein språkleg del og ei kulturell bakgrunnsundersøking. Foreldra sitt talemål er registrert som ein del av bakgrunnsundersøkinga. Fleire av ungdomane i undersøkinga har foreldre som ikkje realiserer eit lokaltilknytt talemål. I studien vert det òg undersøkt i kva grad desse ungdomane sjølv realiserer lokaltilknytte talemålsvariantar. Problemstillinga for denne delundersøkinga er om det er nokon samanheng hjå ungdomane som er nemnde ovafor, mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg og geografisk identitet.Elleve språklege variablar er undersøkte. Dei realiserte variantane er kategoriserte som enten lokaltilknytte variantar eller ikkje-lokaltilknytte variantar.I den kulturelle bakgrunnsundersøkinga vert livsverda til ungdomane undersøkt indirekte. Det vart gjort kvalitative livsverdintervju med kvar informant. Informantane sine handlingar/haldningar i ulike kulturelle felt er registrert. Felta er kategoriserte som enten lokalforankra eller ikkje-lokalforankra. Feltinndelinga er inspirert av Bourdieu si felttilnærming i kultursosiologien sin slik Gunnstein Akselberg modifiserer det i dr.art.-avhandlinga si (Akselberg 1995). Undersøkinga syner at det på populasjonsnivå og talemålskategorinivå er eit samsvar mellom å realisera lokaltilknytte språklege variablar og å utføra lokalforankra handlingar/haldningar i dei kulturelle felta. På individnivå er det samanfall mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og utføra lokaltilknytte handlingar/haldningar hjå éin informant. Det er ein tendens til samanfall hjå 13 informantar. Hjå tre informantar er det ein liten tendens til samanfall. Hjå to informantar er det ikkje noko samanfall.Ungdomane i studien som har éin forelder med eit lokaltilknytt talemål, har svært ulik talemålspraksis og relativt stor interindividuell språkleg variasjon. På gruppenivå finn eg ikkje nokon samanheng mellom å realisera lokaltilknytte språktrekk og å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg og geografisk identitet. Den kvalitative undersøkinga syner at det på individnivå kan vera ein samanheng mellom å uttrykkja ein ekstralingvistisk lokalforankra språkleg identitet og å realisera lokaltilknytte språktrekk hjå nokre informantar.no_NO
dc.format.extent12156147 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectSosiolingvistikknob
dc.subjectDialektnob
dc.subjectTalemålnob
dc.titleTalemål og livsverd. Ein aldersavgrensa populasjonsstudie blant ungdomar i Aurland i Sogn.nob
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.description.degreeMaster i Nordisk språk og litteratur
dc.description.localcodeMAHF-NORD
dc.description.localcodeNOLISP350
dc.subject.nus711123eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Nordiske språk: 018
fs.subjectcodeNOLISP350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record