Det sosiale SMS-språket - jærske tenåringar sitt SMS-språk sett i lys av kjønn, gruppetilhøyrsle og sosiale relasjonar
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/2906Utgivelsesdato
2008-11-11Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Sosiolingvistisk gransking av SMS-språk. Målsettinga for avhandlinga er todelt. For det første er det ei skildring av tenåringar sitt SMS-språk, og kva som kjenneteiknar denne språkbruken. For det andre er det ei undersøking om om språkbruken vert påverka av ulike sosiale variablar: Kjønn, gruppetilhøyrsle og relasjon til mottakar.Den språklege delen tek utgangspunkt i teoriar om nettspråk, og då særleg Ylva Hård af Segerstad, og samanliknar SMS-språket med tradisjonelle oppfatningar av kva som kjenneteiknar skrift og tale. Den sosiale delen er basert på gruppeteori, akkomodasjonsteori og sosial nettverksteori (særskilt relasjonssymmetri).Tekstmeldingsmaterialet er frå tolv 10. klassingar ved ein ungdomsskule på Jæren. Desse informantane var fordelte på tre ulike grupper, basert på fritidssysler: Idrett, religiøs aktivitet og frittståande (dvs. ungdommar som ikkje dreiv med nokon av dei andre aktivitetane). I kvar gruppe var der to gutar og to jenter. Desse vidaresendte tekstmeldingane dei skreiv i ein tidsperiode på ei til to veker. I tillegg vart alle informantane intervjua i etterkant.Det innsamla datamaterialet er delvis kvalitativt og delvis kvantitativt. Den første delen av analysen presenterer dei sentrale kjenneteikna ved språkbruken (i vid forstand) i tekstmeldingane. Dei typiske SMS-fenomena var: Forkortingar (økonomisering - leksikalsk, grammatisk og syntaktisk), skriftleggjering av tale (written speech - typografisk, ortografisk og leksikalsk) og emotikon. I tillegg var det svært utbreidd bruk av rituelle helsingar i starten og slutten av tekstmeldingane.Andre delen av analysen fokuserte på samanfall mellom SMS-fenomena og sosiale variablar.SMS-språket til informantane frå Jæren er prega av kreativitet, leik og innovasjon. Dei er del av ein kontinuerleg tekstproduserande generasjon som ikkje kjenner seg bundne av samfunnet sine språknormer, og dei gjer språket til sitt eige, personlege uttrykksmiddel.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
Copyright the author. All rights reservedThe author