• norsk
    • English
  • English 
    • norsk
    • English
  • Login
View Item 
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Administration and Organization Theory
  • Department of Administration and Organization Theory
  • View Item
  •   Home
  • Faculty of Social Sciences
  • Department of Administration and Organization Theory
  • Department of Administration and Organization Theory
  • View Item
JavaScript is disabled for your browser. Some features of this site may not work without it.

Norske kommunar og EU. Forventingar til medlemsskap i europakontor

Bolstad, Lasse
Master thesis
Thumbnail
View/Open
47399369.pdf (1.271Mb)
URI
https://hdl.handle.net/1956/3055
Date
2008-06-02
Metadata
Show full item record
Collections
  • Department of Administration and Organization Theory [316]
Abstract
Har norske kommunar intensjonar om å påverke politikkutforminga i EU, eller har dei heilt andre forventingar til bruk av europakontora som verktøy? Dette spørsmålet er rimeleg å stille seg når ein ser korleis kommunane sjølve har vore sterkt deltakande i å etablere ein alternativ informasjons- og påverknadskanal mellom det lokalpolitiske nivået og den Europeiske Union. Denne studien har søkt å avdekkje kva medlemskommunane sjølve forventa av dette samarbeidet då dei vedtok å melde seg inn i dette samarbeidet. Denne uttrykte motivasjonen har blitt kategorisert i høve til om argumenta talar for kommuneorganisasjonen sitt eige vel, eller om dei i første rekkje peiker på deltakinga i europakontora som ein ekstraservice til lokalsamfunnet. I tillegg er argumenta delt inn i lyttepost- og lobbyistargument. Desse observasjonane er så drøfta ut frå eit ønske å sjå kva som kan vere årsaker til forventingane, med to særlige aspekt i tankane; det eine i kva grad forventingane kan vere eit uttrykk for at kvaliteten i den tradisjonelle. Det andre aspektet har vore å sjå i kva grad ein kan forklare forventingane ut frå institusjonelle trekk ved EU ut frå eit fleirnivåperspektiv, med særlig fokus på lobbyisme. Resultata eg har komme fram til er at det i stor grad er ei forventing blant medlemskommunane at europakontora skal bidra med å styrke informasjonsflyten frå EU og tilbake til kommunane. Samstundes er det også ein klar tendens som peikar mot at kommunane har ei forventing om at europakontora skal vere eit aktivt verktøy når det gjeld å målbere lokalsamfunnet, og særleg næringslivet, sine behov og ønskjer ut i dei ulike fora i Europa og på den måte opptre som lobbyistar på kommunens vegne. Eg har vidare gjort forsøk på å forklare desse resultata med hjelp ei skildring av EU som eit ”multi-level governance”-system, samt eit meir tradisjonelt, intergovernmentalt perspektiv på samhandling mellom nasjonalstaten og EU som ein overnasjonal struktur. Observasjonane som er gjort blir det hevda kan sjåast som ein effektivitetskritikk av den allereie eksisterande påverknadskanalen gjennom regjeringa, og dette igjen styrkjer påstanden om at vi her har klart å vise korleis ein organisasjon som Noreg ikkje er medlem av kan trenge igjennom og påverke organisasjonspremissar heilt ned på det lokale forvaltingsnivået. Den pågåande europeiseringa har forårsaka ein kraftig endringsimpuls i den norske kommunesektoren, og europakontora har då blitt svaret som enkelte av kommunane kjem opp med for å gå dei medfølgjande utfordringane i møte.
Publisher
The University of Bergen
Copyright
The author
Copyright the author. All rights reserved

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit
 

 

Browse

ArchiveCommunities & CollectionsBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournalsThis CollectionBy Issue DateAuthorsTitlesSubjectsDocument TypesJournals

My Account

Login

Statistics

View Usage Statistics

Contact Us | Send Feedback

Privacy policy
DSpace software copyright © 2002-2019  DuraSpace

Service from  Unit