Tilheling etter periapikal kirurgi
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/3256Utgivelsesdato
2009-04-27Metadata
Vis full innførselSamlinger
Sammendrag
Målet var å vurdere sluttresultatet klinisk og røntgenologisk eitt år etter utført apicoectomi på Klinikk for Oral Kirurgi og Oral Medisin ved DOF, Universitetet i Bergen. Faktorar som kunne ha innverknad på tilhelinga blei vurdert. Materiale og metode: Inklusjonskriteria i denne retrospektive studien var tett apikal forsegling etter visuell vurdering, eventuelt bruk av mikroskop og ultralydpreparering der retrograd fylling var naudsynt. Retrograd fyllingsmateriale skulle vere IRM eller Super-EBA. Preoperative røntgenbilete og røntgenbilete frå 1-årskontroll måtte vere tilgjengeleg. Ein vurderte berre førstegongsoperasjonar på aktuelle tann. Tilheling etter apicoectomi utført på 84 tenner blei vurdert. Ein valde å bruke standard tilhelingskriteriar ved røntgenvurdering av resultat. Kliniske og røntgenologiske symptom blei vurdert saman. Fråvær av kliniske symptom på eittårskontrollen, i kombinasjon med fullstendig eller ufullstendig tilheling (arrvev), blei registrert som vellukka resultat. Alle andre resultat blei registrert som mislukka. Resultat: I alt 62 (74 %) av inngrepa var vellukka. Samanhengen mellom sluttresultat og ulike forklaringsvariablar blei vurdert. Det er tendens til fleire vellukka inngrep blant menn (83 %) enn blant kvinner (67 %). Det var ingen samanheng mellom alder og resultat. Det same gjaldt for sjukdomar, røyking, storleik på oppklaring og om operasjonsfunnet var cyste eller granulasjonsvev. Suksessraten for tenner med teknisk gode rotfyllingar var litt betre enn for dei med teknisk dårlege rotfyllingar. Det blei oftare teke biopsi ved store enn ved små oppklaringar. Smerte var det einaste postoperative symptomet som viste positiv samanheng med mislukka resultat. Det var og samanheng mellom kliniske og røntgenologiske funn eitt år etter inngrepet, då tenner med mangelfull røntgenologisk tilheling ofte har kliniske symptom, og tenner med god røntgenologisk tilheling ofte ikkje har symptom. Konklusjon: Sluttresultatet etter klinisk og røntgenologisk vurdering eitt år etter utført apicoectomi viste at 3 av 4 inngrep var vellukka. Resultata på Klinikk for Oral Kirurgi og Oral Medisin ved DOF er omlag på nivå med det som er vanleg. Postoperativ smerte ved 1-vekeskontrollen viste positiv samanheng med mislukka resultat.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
Copyright the author. All rights reservedThe author