Vis enkel innførsel

dc.contributor.authorHaugsdal, Åslaugen_US
dc.contributor.authorHaugen, Ingvill Eseen_US
dc.date.accessioned2009-04-27T08:23:46Z
dc.date.available2009-04-27T08:23:46Z
dc.date.issued2009-04-27eng
dc.date.submitted2009-01-30eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/3256
dc.description.abstractMålet var å vurdere sluttresultatet klinisk og røntgenologisk eitt år etter utført apicoectomi på Klinikk for Oral Kirurgi og Oral Medisin ved DOF, Universitetet i Bergen. Faktorar som kunne ha innverknad på tilhelinga blei vurdert. Materiale og metode: Inklusjonskriteria i denne retrospektive studien var tett apikal forsegling etter visuell vurdering, eventuelt bruk av mikroskop og ultralydpreparering der retrograd fylling var naudsynt. Retrograd fyllingsmateriale skulle vere IRM eller Super-EBA. Preoperative røntgenbilete og røntgenbilete frå 1-årskontroll måtte vere tilgjengeleg. Ein vurderte berre førstegongsoperasjonar på aktuelle tann. Tilheling etter apicoectomi utført på 84 tenner blei vurdert. Ein valde å bruke standard tilhelingskriteriar ved røntgenvurdering av resultat. Kliniske og røntgenologiske symptom blei vurdert saman. Fråvær av kliniske symptom på eittårskontrollen, i kombinasjon med fullstendig eller ufullstendig tilheling (arrvev), blei registrert som vellukka resultat. Alle andre resultat blei registrert som mislukka. Resultat: I alt 62 (74 %) av inngrepa var vellukka. Samanhengen mellom sluttresultat og ulike forklaringsvariablar blei vurdert. Det er tendens til fleire vellukka inngrep blant menn (83 %) enn blant kvinner (67 %). Det var ingen samanheng mellom alder og resultat. Det same gjaldt for sjukdomar, røyking, storleik på oppklaring og om operasjonsfunnet var cyste eller granulasjonsvev. Suksessraten for tenner med teknisk gode rotfyllingar var litt betre enn for dei med teknisk dårlege rotfyllingar. Det blei oftare teke biopsi ved store enn ved små oppklaringar. Smerte var det einaste postoperative symptomet som viste positiv samanheng med mislukka resultat. Det var og samanheng mellom kliniske og røntgenologiske funn eitt år etter inngrepet, då tenner med mangelfull røntgenologisk tilheling ofte har kliniske symptom, og tenner med god røntgenologisk tilheling ofte ikkje har symptom. Konklusjon: Sluttresultatet etter klinisk og røntgenologisk vurdering eitt år etter utført apicoectomi viste at 3 av 4 inngrep var vellukka. Resultata på Klinikk for Oral Kirurgi og Oral Medisin ved DOF er omlag på nivå med det som er vanleg. Postoperativ smerte ved 1-vekeskontrollen viste positiv samanheng med mislukka resultat.en_US
dc.format.extent1278833 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isonnoeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleTilheling etter periapikal kirurgien_US
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe author
dc.description.localcodeMAOD-ODONT
dc.description.localcodeOD3PROSJ98M
dc.subject.nus764106eng
dc.subject.nsiVDP::Medisinske Fag: 700::Basale medisinske, odontologiske og veterinærmedisinske fag: 710nob
fs.subjectcodeOD3PROSJ98M


Tilhørende fil(er)

Thumbnail

Denne innførselen finnes i følgende samling(er)

Vis enkel innførsel