De Excidio Britanniae. Ein studie av Gildas sitt verk De Excidio Britanniae og spørsmålet om brot eller kontinuitet av den romano-britiske kulturen i det sub-romerske Britannia
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/3347Utgivelsesdato
2009-05-14Metadata
Vis full innførselSammendrag
I denne oppgåva kjem eg med følgjande problemstilling: Kva kan Gildas sitt verk De Excidio Britanniae fortelja oss om brot eller kontinuitet av den romano-britiske kulturen i den sub-romerske perioden i Britannia? For å svare på dette spørsmålet må vi kunne leggje til grunn ei forståing av den romano-britiske kulturen. Eg vil difor i denne oppgåva freista gje ei skildring av dei viktigaste hendingane i den romerske perioden i provinsen, for så å leggja fram ein diskusjon om kva denne romano-britiske kulturen bestod av, korleis den kom til, og korleis den fall.For å kunne etablera ei forståing av den romano-britiske kulturen har eg eit omfattande kapittel om romanisering, der vi skal freista få fram elementa som kjenneteikna kulturen den romano-britiske kulturen. Eg vil deretter gå gjennom verket til Gildas for å sjå om vi kan finne teikn på ein vedvarande romano-britisk kultur gjennom kjelda.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
Copyright the author. All rights reservedThe author