Show simple item record

dc.contributor.authorWiknes, Liv Inguneng
dc.date.accessioned2010-01-20T14:03:30Z
dc.date.available2010-01-20T14:03:30Z
dc.date.issued2009-11-20eng
dc.date.submitted2009-11-20eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/3747
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om språkhaldningar hjå ungdom i den sørfranske regionen Languedoc-Roussillon. Eg har undersøkt ungdommane sine haldningar til to diatopiske varietetar av fransk talespråk, ein sørfransk varietet, frå Nîmes, og ein overregional varietet, som ikkje er knytt til nokon bestemt region. Oppgåva byggjer på ein kvantitativ studie av umedvetne språkhaldningar hjå elevar i vidaregåande skule i Montpellier og i Nîmes, og er utført som ein masketest. Med utgangspunkt i at språket er ein viktig del av identiteten og at det ofte er vanskeleg å skilje mellom språk og språkbrukar, ønskjer eg å vise at haldningar til ein språkleg varietet også rammar brukarane av denne varieteten. Vidare har eg undersøkt i kva grad tradisjonelle sosiale variablar som kjønn, geografisk tilhøyrsle og sosioøkonomisk bakgrunn, påverkar informanten si vurdering av andre. Eg har også undersøkt om rekkjefølgja informantane har høyrt språkprøvene i har hatt innverknad på vurderinga, samt om det er forskjellar mellom dei to byane undersøkinga er gjennomført i. Eg har arbeidd ut frå hypotesar om at dei sosiale variablane vil ha innverknad på vurderinga av dei to språkbrukarane. Undersøkinga har vist at dei to varietetane er vurderte signifikant forskjellig frå kvarandre ut frå seks av åtte variablar (personkarakteristikkar), medan dei tradisjonelle sosiolingvistiske variablane kjønn, geografisk tilhøyrsle og sosioøkonomisk bakgrunn har vist seg å vera mindre relevante for informanten si vurdering av dei to språkbrukarane enn eg hadde forventa. Dette på trass av at haldningsteorien ser på desse variablane som avgjerande for haldningsdanning. Kva rekkjefølgje informantane fekk høyre språkprøvene i ser derimot ut til å ha påverka vurderinga av dei to språkbrukarane. Dei signifikante resultata i høve til rekkjefølgje og skilnaden mellom dei to varietetane kan forklarast ut frå teoriar om standard og variasjon og ut frå språklege normer. Resultata frå denne undersøkinga kan tyde på at informantane i denne regionen har internalisert språklege normer frå andre språk- eller dialektsamfunn. Resultata peiker mot at varieteten vi brukar kan ha innverknad på korleis vi blir oppfatta av andre, men studien viser også at ei rekkje andre element spelar inn i denne prosessen.en_US
dc.description.abstractLe présent mémoire est une étude des attitudes linguistiques des jeunes dans la région Languedoc-Roussillon à l'égard de deux variétés de la langue française. J'ai étudié les attitudes face à deux variété diatopiques de la langue, à savoir une variété méridionale, de Nîmes, et une variété qui n'est pas liée à une région spécifique, nommée francais suprarégional. L'analyse est fondée sur des données recueillies en effectuant une enquête auprès de lycéens à Montpellier et à Nîmes. Le point de départ de cette étude est que la langue est importante pour notre identité et que la langue est difficilement dissociée du locuteur. Cherchant à révéler les attitudes inconscientes face aux deux variétés de français, j'ai étudié comment les informateurs ont évalué deux locuteurs de ces deux variétés. En utilisant la technique du locuteur masqué, je cherche à montrer que les attitudes face à une variété de la langue, atteignent aussi le locuteur de cette variété. Je veux également étudier dans quelle mesure les variables sociales comme le sexe, l'appartenance géographique et le milieu socioéconomique de l'informateur, interviennent dans le processus d'évaluation d'autrui. L'analyse a montré que les deux locuteurs ont été évalués significativement différent l'un de l'autre, tandis que les variables sociales traditionnelles paraissent moins révélatrices.en_US
dc.format.extent799858 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isofreeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.subjectFransknob
dc.subjectSpråkholdningernob
dc.subjectLanguedoc-Roussillonnob
dc.subjectSpråkvariasjonnob
dc.subjectDialekternob
dc.subjectMasketestnob
dc.subjectSpråknob
dc.title«Voix chaleureuse du sud» et «voix monotone du nord»? Une étude quantitative des attitudes linguistiques des jeunes dans la région Languedoc-Roussillon à l'égard de deux variétés diatopiques de la langue française.fr
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.description.degreeMaster i Fransk
dc.description.localcodeMAHF-FRAN
dc.description.localcodeFRAN350
dc.subject.nus711125eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Språkvitenskapelige fag: 010::Fransk språk: 024
fs.subjectcodeFRAN350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record