Klimautviklinga på Hardangervidda gjennom holosen
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/4039Utgivelsesdato
2009-06-02Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Earth Science [1127]
Sammendrag
Føremålet med oppgåva var å rekonstruere den holosene klimautviklinga på Hardangervidda basert på innsjøsediment. Det vart samla inn totalt 10 kjernar i Krækkja-området, i tillegg til ei kjerne av myrsnitt på Øvrefetene, Finse. Det vart gjort glødetapsanalyse og måling av magnetisk susceptibilitet på kjernane. Tørrvekt, vassinnhald og glødetapsrest vart kalkulert i tillegg til glødetapet og den magnetiske susceptibiliteten. Kjernane frå Krækkja-området vart korrelert mot lokaliteten på Øvrefetene i tillegg til ei datert glødetapskurve frå Torbjørnstølen på Finse. Resultata viste at glødetapet og den magnetiske susceptibiliteten i kjernane fluktuerte i motfase og glødetapskurva såg då ut til å best representere den organiske produksjonen i vatna. Glødetapskurva frå Lappsteinsvatnet dekka heile holosen og såg ut til å ha det beste klimasignalet. Denne vart då brukt til samanlikning med andre studiar frå området. Glødetapet viste ein høg grad av korrelasjon til både tregrense-fluktuasjonar på furu og resultat av andre studiar på innsjøsediment i området. Lappsteinsvatnet såg ut til å ha ein høg organisk produksjon tidleg i holosen, med kraftige fall i produksjonen ved 8200 og 7900 kal. år før notid. Frå ca. 6000 kal. år før notid byrja produksjonen å verte mindre og flatar ut rundt 4000 kal. år før notid. Samanlikning mellom glødetapskurva i Lappsteinsvatnet og variasjon i ulike klimapådriv gjennom holosen ser og ut til å vise like trendar.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
The authorCopyright the author. All rights reserved