Kongens tru tenarar? Møtet mellom statsapparat og allmuge i Bergenhus stiftamt i samband med dagskatten, 1712-1715
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/4085Utgivelsesdato
2010-05-18Metadata
Vis full innførselSammendrag
Denne masteravhandlinga tek for seg forholdet mellom statsapparatet og allmugen i Bergenhus stiftamt slik det fortonte seg i samband med prosessen omkring dagskatten i 1712-1715. Under den store nordiske krig innførte kong Frederik IV av Danmark-Noreg ei rekkje ekstraordinære skattar for å finansiere krigføringa mot Sverige. Den største av desse var dagskatten, som vart innført i Noreg i 1712. Denne skatten medførte eit særleg hardt skattetrykk på undersåttane i riket. I denne studien har eg teke for korleis prosessen omkring dagskatten utarta seg i Bergenhus stiftamt i perioden 1712-15 med eit fokus på dei ulike aktørane, på den eine sida bøndene som skulle betale inn skatten, og på den andre sida styresmaktene som skulle krevje den inn. Formålet med studien var å granske korleis høvesvis bøndene reagerte på desse skattebyrdene og korleis desse reaksjonane spelte inn i den skattepolitikken som vart ført, samt kva for moglegheiter og evner dei ulike delane i statsapparatet hadde for å spele inn i desse prossesane, som ein i eit så gjennomført einevelde som Danmark-Noreg skulle tru kom frå kongeleg hald.
Utgiver
The University of BergenOpphavsrett
Copyright the author. All rights reservedThe author