Show simple item record

dc.contributor.authorSture, Gunn Ingereng
dc.date.accessioned2011-01-05T12:02:07Z
dc.date.available2011-01-05T12:02:07Z
dc.date.issued2010-09-01eng
dc.date.submitted2010-09-01eng
dc.identifier.urihttps://hdl.handle.net/1956/4376
dc.description.abstractLe présent mémoire est une étude des métaphores temporelles de trois courts extraits tirés de Combray de Marcel Proust. En utilisant les outils présentés par George Lakoff, Mark Johnson et Mark Turner dans leurs ouvrages sur la théorie cognitive de la métaphore, nous examinons la manipulation de métaphores conceptuelles conventionnelles dans Combray. Nous nous appuyons également sur l'article "Métonymie chez Proust" afin d'étudier les liens entre les métaphores et leur contexte.en_US
dc.description.abstractDenne oppgåva handlar om bruken av tidsmetaforar i Combray, som er den fyrste delen i På sporet av den tapte tid av Marcel Proust. Med utgangspunkt i George Lakoff, Mark Johnson og Mark Turner sin kognitive metaforteori, har eg sett på koss metaforar me alle bruker i daglegtalen blir utvida, spesifiserte, problematiserte og sette saman for å skapa den komplekse veven av metaforar som er typisk for skrivemåten til Proust. Eg har studert nokre «nøkkelmetaforar» i tri einskilde utdrag som strukturerer desse, og gjer dei til einingar som kan lesast som sjølvstendige tekstar og som uttrykk for Proust sitt syn på tida, verda og kunsten. For Proust er tida paradoksal. Ho går heile tida tapt, samstundes som det finst måtar ein kan bevara og gjenoppleva henne på. Motsetnaden mellom rørsle og urørlegheit, som er viktig i dei analyserte utdraga, speglar denne sentrale konflikten i verket. Han er sterkt knytt til dei to grunnleggjande, men motseiande tidsmetaforane : tida er noko som rører seg og tida står stille medan me rører oss gjennom henne, som ein vanlegvis ikkje kan bruka samstundes, men som begge er til stades i utdraga. Proust legg størst vekt på den personlege, subjektive opplevinga av tida, noko som syner seg i den nyskapande bruken hans av den konvensjonelle metaforen tid er rom. I utdraga er samanhengen mellom desse to dimensjonane sterkare enn i daglegspråket : fleire av eigenskapane til rommet blir tillagde tida enn det som er vanleg. Dette fører til at eget kan flytta seg friare i tida, særleg ved hjelp av det ufrivillige minnet. I tillegg til kognitiv metaforteori har eg brukt Gérard Genette sin tanke om at Proust sin biletbruk ofte er knytta til ein kontekst. Dei to elementa metaforen består av er som regel alt knytta saman i ein nærleiksrelasjon - anten er begge til stades i den situasjonen teksten skildrar, eller så er dei begge til stades i konteksten i bokstaveleg meining. Lesinga mi stadfestar altså det Genette hevdar. Ifylgje Genette har forteljaren i På sporet av den tapte tid ein «stadsfetisj» som gjer at ting blir samanlikna med noko som finst på staden der dei er. Men ein kunne kanskje like gjerne ha snakka om ein «situasjonsfetisj» ettersom det ofte er måten ting ser ut til ulike tider som blir skildra gjennom metaforane. For Proust er det gjennom metaforane at me skaper røynda. Når me skaper ein likskap mellom det me ser og det inntrykket som blir skapt i oss av det me ser, fangar me den tidlause «essensen» som ligg bak. Såleis stadfestar oppgåva den sentrale rolla metaforen og særleg tidsmetaforen speler i Proust sitt prosjekt.en_US
dc.format.extent1022748 byteseng
dc.format.mimetypeapplication/pdfeng
dc.language.isofreeng
dc.publisherThe University of Bergeneng
dc.titleAu seuil des temps et des formes - Une étude de quelques métaphores temporelles dans Combray de Marcel Proustfr
dc.typeMaster thesis
dc.rights.holderCopyright the author. All rights reserved
dc.rights.holderThe authoreng
dc.description.degreeMaster i Fransk
dc.description.localcodeMAHF-FRAN
dc.description.localcodeFRAN350
dc.subject.nus711125eng
dc.subject.nsiVDP::Humaniora: 000::Litteraturvitenskapelige fag: 040::Fransk litteratur: 046
fs.subjectcodeFRAN350


Files in this item

Thumbnail

This item appears in the following Collection(s)

Show simple item record