Frå syndeforlating til martyrdød : Ei historisk analyse av bruken av martyromgrepet under krosstoga i 1095, 1145 og 1187
Abstract
Denne masteroppgåva tek føre seg bruken av martyromgrepet under krosstoga i 1095, 1145 og 1187. Medan pavedømet ikkje gjev lovnad om anna enn syndeforlating, nyttar krønikeskrivarane martyromgrepet om dei som døyr under krosstoga. Denne oppgåva forklarar kvifor martyromgrepet vart nytta av krønikeskrivarane.