Empirisk testing av ein evolusjonær porteføljestrategi
Master thesis
Permanent lenke
https://hdl.handle.net/1956/5070Utgivelsesdato
2011-05-31Metadata
Vis full innførselSamlinger
- Department of Economics [302]
Sammendrag
Denne oppgåva skal med utgangspunkt i "Portfolio managment without probability or statistics" (Flåm 2008) testa ut ein evolusjonær porteføljestrategi empirisk. Kan ein matematisk formel som ikkje blir oppdatert på bakgrunn av annan informasjon enn avkastning per verdipapir, oppnå så gode resultat for ein brei klasse av investeringsobjekt at han kan brukast som ein porteføljestrategi? Gjennom ei simulering av ulike teoretiske marknader i Microsoft Excel blir dette spørsmålet utforska. I tilfelle som minner om hesteveddelaup med gjensidig utelukkande utfall blir Kelly-kriteriet verifisert som optimal strategi, og formelen konvergerer mot denne optimumsverdien. Vidare er resultata svært gode for ein realøkonomisk marknad med positiv og negativ korrelasjon mellom investeringsobjekta, men for ein perfekt finansmarknad er ikkje resultata dei beste. Under simuleringa blir diverse økonomiske poeng som verdien av differensiering og ein langsiktig investeringshorisont illustrert, og det klassiske vurderingskriteriet forventningsverdi blir kritisert og vist som mangelfullt.