Detaljkartlegging av skredfare i Mobergslia, Os kommune, Hordaland
Master thesis
View/ Open
Date
2011Metadata
Show full item recordCollections
- Department of Earth Science [1103]
Abstract
Detaljert kartlegging av lausmassane, med hovudfokus på skredavsetjingar og kartlegging av skredfare er utført i området rundt Mobergslia, sør for Liafjellet i Os kommune, Hordaland. Det er laga eit lausmassekart og eit faresonekart for steinsprang for området. Faresonekartet viser at dei tre skredgrensene 1/100, 1/1000 og 1/5000 går ned mot flaten i Liadalen, og ned til E39 under Villelia. Grad av forvitring vart målt med å bruka ein Schmidthammar type N ved sju lokalitetar. Kalibrerte aldrar for tre ferske steinsprang i Villelia, Liadalen og Grønhaugen vart høvesvis 10700 ± 1600 år BP, 1500 ± 1500 år BP og 9250 ± 1500 år BP. Dei høge aldrane er hovudsakleg tolka til å vera på grunn av: (1) forvitring før utrasing, (2) enkeltblokker gjer lite datagrunnlag, (3) transport i fleire etappar, (4) skilnadar i litologien kan ha gitt signifikante skilnadar i R-verdi, og (5) å ikkje måla på brotflata gjer mykje større utslag ved få blokker, i høve til mange. Feltobservasjonar viser at i skråningar der det losnar små blokker (diameter < 0,5 m) vil mange og tynne tre fungera best til vern mot steinsprang. For korte skråningar (< 50 m) bør avstanden mellom kjeldeområdet og dei fyrste trea i skråninga, og avstanden mellom trea i skråninga, vera minst mogeleg. Grupper av små tre (DBH < 10 cm) fungerer bra til å stoppa store blokker (1 x 1 x 0,4 m), sjølv om dei ikkje har mista energi i eit samanstøyt like før.